Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Dette er tredje bok i serien om psykolog/professor Joeseph O´loughin, og det er - i min ydmyke mening - så langt den beste boka i serien.

Joe og familien har flytta ut av London og inn i eit lita hus i utkanten av småbyen Bath, kor Joe no arbeider deltid som professor på det lokale universitetet. Han sliter framleis med "Mr. Parkinson" (sjukdommen), men verker til å innretta seg i større grad no enn i dei tidligare bøkene. Sjukdommen og dei tidligare hendingane (ref bok 1 og 2) er mykje av grunnen til at dei flytta, for at han skulle slute i arbeidet som psykolog og berre jobbe litt deltid som førelesar.

Handlinga kjem fort i gong ved at politiet dukkar opp på kampus for å hente Bruno (sjefen til Joe) - dei ønsker hans assistanse ifbm med eit potensielt sjølvmord: ei naken kvinne står på utsida av rekkverket på ei bru, i ferd med å hoppe. Dei vil ha han med for å prate henne frå det - noko Bruno har bistått med tidligare. Men nei, han kan ikkje, er midt i noko, og han får Joe til å bli med i staden for. Nokre dagar seinare skjer noko liknande med venninna til denne dama. Og Joe blir meir og meir involvert i saka.

Dette er ein spennande thriller, eg blei verkeleg opplsukt av handlinga og sleit med å legge boka vekk. Dette er ei slik bok ein kan lese fort ut - ei slukebok. Og slike likar eg godt! Dei to føre bøkene er litt "treigere" - ikkje at dei er mindre spennande altså, men eg opplevde likevel stemninga som meir dempa og at handlina utvekla seg litt saktare.

Stort pluss for eit originalt og realistisk plott som blir holdt innanfor grensene slik at det ikkje blir overdrevent dramatisk og mister truverdigheit, slik eg ofte opplever at thrillere gjer. Karakterane er velutvikla og ekte, dialogane reelle. Karaktergalleriet held seg akkurat lite nok til at ein ikkje mister oversikta. Ikkje minst trekker språket opp: Via billedlig språk får ein kjenne på stemninga og sjå føre seg det meste - dette heilt utan at det blir eit adjektiv-helvette, og utan at skildringane tek opp mykje plass og merksemd.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Hilde H HelsethEivind  VaksvikMads Leonard HolvikMonica  SkybakmoenStig TmgeAnne-Stine Ruud HusevågAkima MontgomeryLailaPiippokattaKaren RamsvikAmanda AKirsten LundReadninggirl30HanneEllen E. MartolIngunn SMalinn HjortlandEli HagelundAnita S.LinnNikkaGladleserJarmo LarsenalpakkaKjerstiConnieReidun Anette Augustinmay britt FagertveitINA TORNESAnniken RøilPilarisKjerstiTonesen81HannekntschjrldAnne Berit GrønbechBeathe SolbergVannflaskeKaramasov11Godemine