Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Vi er i Italia, på Po-sletta, ikkje så lenge etter siste verdskrigen. I ein liten landsby held presten don Camillo til. Han er ein storvaksen og bråsint mann, men med stort hjarte for soknebarna sine. Kanskje med unntak av medlemmene i kommunistpartiet. Neidå, han elskar dei også, men han skulle gjerne sett at dei vende seg vekk frå den gudlause kommunismen. Og det er kommunistpartiet som har makta i landsbyen, der borgarmeisteren Peppone og presten stendig er i klammeri med einannan.

Boka er ei samling korte historier frå landsbyen, og dei fleste er ganske humoristiske. Både Peppone og don Camillo vil det beste for landsbyen og innbyggarane der, men ender ofte opp med anten å motarbeide einannan eller å konkurrere om å vinne innbyggarane over på sin side. Don Camillo gjeng ganske ofte over streken, men Jesus på krusifikset i kyrkja let han ikkje sleppe unna når han har synda. Samtalane mellom presten og Jesus er mellom høgdepunkta i boka.

Forfattaren skreiv, i følge wikipedia, 347 historier om don Camillo, som kom ut i italienske vekeblad og seinare blei samla i 8 bøker. I denne utgåva frå bokklubben er det 62 stykker. Der er ingen informasjon om kva for ein av dei italienske utgåvene som er omsatt her, men sidan det er opplyst at original opphavsrett til historiene er frå 1948 og 1953 må det vere rimeleg å tru at det dreier seg om Mondo Piccolo: Don Camillo og Mondo Piccolo: Don Camillo e il suo gregge som kom ut i høvesvis 1948 og 1953. Det kunne vere moro å vite om det er heile bøkene som er omsett, eller om det er eit utval.

Uansett, dette var eit strålande knippe med historier, det var latter, tårer og ettertanke. Terningkast 6, eg var aldri i tvil.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundNina M. Haugan FinnsonRisRosOgKlagingRuneFrode TangenJohn LarsenTorill RevheimTor Arne DahlPirelliTurid KjendlieHanne Kvernmo RyeIngeborg GHeidi LTorJulie StensethLiljaTanteMamieJBReadninggirl30Tor-Arne JensenEgil StangelandHilde VrangsagenMarteHarald KIngunn SgretemorSol SkipnesTheaBenedicteBeathe SolbergIreneleserStig TNina J.B.PiippokattaGrete AastorpTone HHeidiRandiHeidi HoltanMorten Jensen