Dette er den andre av to bøker av Eric-Emmanuel Schmitt som eg kjøpte frå restekassa i den lokale bokhandelen. Den første var Monsieur Ibrahim og Koranens blomster. Bøkene har meir til felles enn at dei kosta 25 kroner pr stykk. I begge bøkene er hovudpersonen ein ung gut som er/blir aleine i verda, og som blir hjelpt av ein eldre mann med ein viss åndelig innsikt. I begge bøkene har også guten blitt forlatt av eller kjent seg fråstøytt av mora.
I "Sumobryteren ..." er handlnga naturleg nok lagt til Japan, der Sumo-trenaren Shomintsu prøver å overtyde den magre gateguten Jun om at han innerst inne er ein "tjukking". Jun blir etter noko om og men overtalt til å sjå på ei Sumo-turnering, og gjeng frå å kjenne avsky for denne sporten til å bli begeistra, og startar deretter på Sumo-skulen til Shomintsu. Problemet er at han ikkje greier å legge på seg. Shomintsu, som er Zen-buddhist, gir åndelig veiledning og lærer Jun meditasjon slik at han etterkvart greier å legge på seg nok kilo til å bli Sumo-brytar.
Som forteljing er "Sumobryteren ..." eit hakk betre enn "Monsieur Ibrahim ...". Den er også 18 sider lenger, men framleis ei svært kort bok. Det svakaste punktet i boka er likevel forsøket på å formidle ein åndelig bodskap. Det er mulig at nokon som faktisk har greie på Zen får med seg nokre viktige poeng, men for ein vankunnig som meg sjølv framstend denne delen av boka som tafatt New-Age svada.