Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Dette er forteljinga om Ditte, ei jente som veks opp i fattige kår nord på Sjælland i Danmark. Eg har ikkje greidd å tidfeste forteljinga særleg nøye, men truleg dreier det seg om slutten av 1800-talet. Ditte blir fødd utanfor ekteskapet, mora flyttar og Ditte veks opp saman med besteforeldra. I alle fall i starten.

Nexø har ei og anna høne å plukke med det danske stands- og klassesamfunnet, og han gjer det grundig. Ditte og mannen som etter kvart blir stefaren hennar blir begge skildra som rettskafne og hardtarbeidande menneske som blir utnytta på det grovaste. Menneska blir ikkje verdsette for kva dei gjer, men etter kva slags familie dei kjem frå.

Men om Nexø har eit og anna å utsetje på samfunnet, så viser han på den andre sida stor kjærleik til landskapet. Her er mange flotte og levande skildringar av natur og stemningar, og det er lett for lesaren å leve seg inn i boka.

Forteljinga er tidvis strålande, og tidvis platt og forutsigbar. Enkelte passasjar er så brilliante at ein berre bir sitjande og gape, medan det andre gangar blir for mykje kiosklitteratur- og skillingsvise-preg over handlinga. Eg vingla mellom terningkast 4 og 5, men landa til slutt på ein 4’ar. Så får vi sjå om bind 2 av denne 2-bindsutgåva er hakket betre.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Ingunn SLars MæhlumTheaEli HagelundReadninggirl30Harald Kmay britt FagertveitbandiniBjørn SturødMarit HåverstadAgnete M. HafskjoldMarianne MTurid KjendlieDemeterHanne Kvernmo RyeIngeborg GTor-Arne JensenCarine OlsrødAnneBeathe SolbergKari MeretePi_MesonPiippokattaKirsten LundTorill RevheimBjørg RistvedtLinda NyrudTone SundlandJulie StensethSolveigMonica CarlsenJBStine SevilhaugTone HRufsetufsaEgil StangelandsvarteperMargrethe  HaugenTine SundalHilde