Viser 1 til 1 av 1 omtaler

London var ein briljant foteljar, og det viser han til fulle ved fleire høve i denne novellesamlinga. Novellene blei skrivne i tidsromet 1904-1911, mange av dei er lagt til ugjestmilde strok i audemarka, og mellom dei øvrige er det stor spreiing i miljø. Ein fellesnevnar for mange av novellene er desperasjon, anten det gjeld å kome seg ut av ein kinkig situasjon ein kald vintersdag, å skaffe seg pengar, eller på annan måte å klare å endre livsvilkåra sine.

London leverte ein omfattande litterær produksjon medan han levde, naturleg nok er ikkje alt like bra, men desse novellene representerer nok noko av det beste han presterte. Forfattaren er kankje mest kjend for to ting, å skildre villmark og å setje fingeren på sosial ulikheit. I denne samlinga gjer han begge deler veldig bra. For lesarar som er ukjende med London så er kanskje denne boka ein ideell inngang til forfattarskapen hans?

Eg har stort sett lest ei eller to bøker av London om året dei siste åra. Det kjem eg nok til å halde fram med så lenge eg finn bøker av han som eg liker. Så langt er det berre The Iron Heel som ikkje fall i smak. Neste bok ut er Landstrykerliv, det ser eg fram til.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

MarteAmanda ABerit B LieKirsten LundStig TMads Leonard HolvikHarald KKine Selbekk OttersenMcHempettIngunn SLailaVioleta JakobsenAndreas BokleserPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingHanne Kvernmo RyeEgil StangelandReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie Uvaag