Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Av og til les du ei bok som du berre veit er bra. Det er ikkje noko som eigentleg skulle tilseie at den er det - historia er kasnkje ikkje noko spesiell. Men boka gir den kjensla i magen som berre seier at denne boka, den er bra.

Dett er ei slik bok.
I begynnelsen kan du lure litt på kva boka faktisk handlar om. Det er ein poetisk start, om ein blårev og jakta på denne. So kjem resten eller skal vi seie bakgrunnen, og heile historia rullarst opp so fint og intrikat at det gjer godt langt inne i sjela.

Heilt på siste side, ja eg vil til og med seie siste setning vert visse ting halt løynd. Men so kjem plutseleg den famøse lyspæra frå Donald over hovudet og du har skjønt alt.

Og du har skjønt at boka er fantastisk (om du lurte litt frå før).

Sjòn blir anbefalt av alle reisegudar: Skal du lese ein islandsk forfattar er Sjòn heidra og berømt - og skriv for Bjørk. Vel det er ein grunn til det. Han skriv fantastisk bra.

Eg las boka på engelsk (den var ikkje å få tak i på norsk på Island..), men det angra eg ikkje på. Oversettinga er interessant og gjer boka god å lese for oss som ikkje les islandsk.

Den sklei inn i bokhylla det sekundet iv kom heim.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Ann ChristinAkima MontgomeryBente NogvaIngunnJChristofferJohn LarsenEster SKirsten LundSynnøve H HoelGrete AastorpChristin SillibakkenMalinTheaG LReidun SvensliNikkaDaffy EnglundBerit RSigrid Blytt TøsdalRolf IngemundsenPiippokattaMarie HolterEvaHanne Kvernmo RyeJulie StensethEileen BørresenTove Obrestad WøienChristinaLinda Rastenmay britt FagertveitLene AndresenHarald KAnniken LTanteMamieDemeterEllen E. MartolReidun Anette AugustinIngunn SBjørg L.Bjørg  Frøysaa