Viser 1 til 6 av 6 omtaler

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg har alltid hatt lyst til å si at jeg egentlig ikke liker Dag Solstad. Jeg har alltid hatt lyst til å si at det i grunnen ikke skjer så mye i bøkene hans, at de er kjedelige. Jeg har lyst til å rope at jeg synes at han er litt overvurdert - men så står jeg til min egen forbauselse igjen foran bokhylla og drar ut en ny Solstad-bok, en som jeg ikke har lest ennå, og så leser jeg den. Fra perm til perm.
Det er befriende å lese ei bok, der det ikke skjer så mye. Solstad går i dybden på den minste tingen og har de mest detaljerte og langtekkelige beskrivelser av hverdagslige hendelser. Det fascinerer meg. Og det gir meg ro i sjelen.
Ingenting er som en Dag-Solstad-bok til å finne roen fra verdens mas og kjas.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

God oppfølger - tragikomisk. Bjørn Hansen tar etterhvert et oppgjør med seg selv uten at det fører til noe. Jeg blir heller ikke noe særlig klokere på Bjørn Hansen, men det er vel kanskje ikke meningen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Forfattaren Dag Solstad, som er ein kjend forfattar i Norge, har hittil vært ukjend for meg. Ikkje slik å forstå at eg ikkje har vært kjend med navnet, på ingen måte, ja heller tvert imot, men det er altså slik at eg ikkje har lest noko av han tidlegare. Solstad altså, forfattaren. Når eg derfor legg merke til at denne boka som har det nøytrale namnet 17. roman har ein særeigen stil, eller språkføring om du vil, så har eg ikkje belegg for å påstå at dette er forfattaren, Solstad altså, sin særeigne stil. Men heller ikkje belegg for å påstå det motsatte, slett ikkje dette siste. Derfor nøyer eg meg med å slå fast at denne boka, som har tittelen 17. roman, har ein eigen stil utan å spekulere noko i kva dei førre 16 romanane har for slags stil, sjølv om det kunne vere freistande. Det som derimot er heilt klart, ja nærmast mata inn med teskei frå forfattaren sjølv, Solstad, på første sida i 17. roman, er at hovudpersonen i denne boka, Bjørn Hansen, også har vært med i ei tidlegare bok, utan at han nevner noko om korvidt stilen i den førre boka liknar på stilen i denne boka. Det kunne det sjølvsagt ha vært moro å vite noko om, men forfattaren Dag Solstad teier om dette. Stilen i den andre boka altså. Men Bjørn Hansen har det ikkje bra i denne boka, som eg gjeng ut frå er den 17. romanen av forfattaren Dag Solstad. Og grunnen til at han ikkje har det bra heng muligens saman med ting som skjedde i den førre boka han var med i, som ikkje er den 16. men den 11. dersom forfattaren, Solstad altså, har følgt med på nummereringa av bøkene han har skrive, og det må ein tru han har gjort. Eller kanskje heng det djupast sett saman, at Bjørn Hansen ikkje har det bra, altså, med forhold som ikkje er tatt opp i den 11. romanen. Det vesentlege er uansett at Bjørn Hansen har isolert seg frå familien sin, og her kan ein undrast på om det er det at han har isolert seg som gjer at han ikkje har det bra, eller om det er det at han ikkje har det bra som gjer at han har isolert seg, frå familien altså, sitt eige kjøt og blod, men som han gjer eit famlande forsøk på å nærme seg på nytt. Men det er søren fløtte meg ikkje så lett å nærme seg familien sin i ei tekst med ein såpass eigenarta stil, sjølv om stilen, eller språkføringa om ein heller vil nytte eit slikt uttrykk, i og for seg er interessant nok og kan seiast å reflektere dei eksistensielle pinslene som Bjørn Hansen balar med, men som ein på den andre sida kan hevde skaper ein ironisk distanse til desse pinslene. Utan å røpe for mykje kan ein nok best slå fast at forsøket på å få kontakt med familien er famlande. Om enn fortalt i ein særeigen stil av forfattaren. Dag Solstad altså.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Litt haltende og meget unødvendig oppfølger til Ellevte roman. Fin slutt bøter ikke på den langsommelige beretningen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Bjørn Hansen forsøker å redde stumpene - forgjeves?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Tor-Arne JensenKirsten LundSverreMarenJarmo LarsenPiippokattaRisRosOgKlagingRoger MartinsenBeathe SolbergTove Obrestad WøienalpakkaEmil ChristiansenReadninggirl30Nils PharoEivind  VaksvikEllen E. MartolHallgrim BarlaupEgil StangelandJørgen NIreneleserLailaToveKristine LouiseRufsetufsasveinLabbelineVegardBjørg Marit TinholtSigrid NygaardTheaSolJane Foss HaugenBerit RLeseberta_23Tine SundalSiri Ann GabrielsenKarin BergSynnøve H HoelLeseaaseAstrid Terese Bjorland Skjeggerud