Viser 1 til 2 av 2 omtaler

I "Kurt kurer" møter vi Kurt som køyrer trukk, men som vert kurer med ein viktig beskjed til hamna i Finnmark. Han legg i veg, og får på vegen med seg sonen Bud (utkledd som Minkipai - arkitekt) og Anneliane (ei dame med europeiske kle). Dei skal reise nordover av di Noreg er blitt delt i to av dei kjempeirriterande nordelendingane som vil ha Nord-Noreg som eige land.

Erlend Loe skriv enkelt og med snert. Det er berre det at kvar einaste setning absolutt skal ha ein snert. Alle skal beskrivast med ironi og sarkasme, og alle skal karikerast og kunne flirast av.

Eg blir rett og slett litt trøtt av det heile.

Ja, det er morosamt når nordlendigar blir karikert som storflirande mannfolk som alltid må slå seg på låret. Dei tre fyrste gongane. So blir det litt oppbrukt. Gong femtiåtte er det definitivt oppbrukt. Og hadde det no berre vore ein ting, men det er med alt og alle.

Alt og alle vert karikert på same måten - gjennom heile boka. Det vert rett og slett kjedeleg.

I tillegg til denne ironiske sarkasmen (...) skal alt vere so innlysande enkelt å gjennomskode. Ja, det er mest so eg får kjensla av at ein gjer narr av den som skal skjøne "plotta". Eg merker eg vert sittande og vere litt fornærma på ungane sine vegner - tonen er so overelegen at den blir irriterande.

Men det er to ting som er positivt med boka. For det fyrste er historia i seg sjølv ganske spanande. I vertfall hang min sjuåring med frå fyrste til siste side - sjølv om absolutt all ironien og karakteristikkane gjekk han hus forbi (at han derimot sit igjen med ein del stygge inntrykk av nordlendingar og bergensarar som han har fått prenta inn i hovudet er ein annan ting....).

For det andre er boka relativt lett å lese høgt. Med dette meinar eg det er lett å diferensiere mellom dei forskjellige som snakkar til ei kvar tid og om ein ser vekk frå alle dei irriterande repitisjonane, er den relativt underhaldande å lese og for vaksne.

Men kjem denne i bokhylla? Nei takk. Og kjem eg no til å lese meir Erlend Loe? Gløym det.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Er veldig fornøyd med at Erlend Loe tar Kurt videre og utvikler både universet og figuren samtidig som bøkene beholder og kanskje endog gir gass på det burleske plan (har bare lest «Kurtby» fra før, og den er jo herlig drøy). Jeg liker det viltre og groteske i historien og at det ikke sløses ett sekund på unødvendig karakterutvikling, her pøses det på med action og handling samt en mengde usaklige, men herlige fotnoter (som nordlending må jeg si jeg likte fotnoten om multer spesielt godt). Og ikke glem at Kim Hiorthøy må sies å være mer enn bare en ubetydelig passasjer her - han har faktisk 140 illustrasjoner med i boka og setter sitt tydelige preg på leseopplevelsen. Jeg gidder ikke å bli med i diskusjonen om hvem som er målgruppe for denne boka. Jeg bare konstaterer at den passer for litt barnslige 35-årige menn.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Julie StensethMonica CarlsenHeidi LKristine LouiseLailaMonaBLBjørg L.KristineTine SundalGunillaReadninggirl30Emil ChristiansenGrete AastorpSverre HoemPiippokattaKari ElisabethEivind  VaksvikAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAnne-Stine Ruud HusevågEgil StangelandHarald KRune U. FurbergPrunellaToveGodemineG LTone Maria JonassenAvaVibekeKirsten LundMorten MüllerPer LundBookiacSynnøve H HoelSolDolly DuckAkima MontgomeryLilleviHarald AndersenCecilie69