Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Ragnar Thorseth sine eventyr fekk stor merksemd for eit par-tre tiår sidan, mest kjend er nok jordomseglinga med vikingskipet Saga Siglar. Dei fleste har vel ein viss kjennskap til at han i tillegg har gjennomført fleire større og mindre ekspedisjonar. Likevel vågar eg å påstå at det er dei færraste som har oversikta over alt denne mannen har gitt seg ut på.

Boka har undertittelen «Ragnar Thorseths eventyrlige liv», og er ei kronologisk skildring av livslaupet, frå hendingar før han var fødd som prega familien hans, til rekonvalesensen og den vanskelege tida etter rideulukka som nær kosta han livet i 2000. Ekspedisjonane og eventyra hans har sjølvsagt ein dominerande plass i boka. Likevel er sjølve gjennomføringa av ekspedisjonane gjengitt på ein relativ kortfatta måte. Vel så viktig er korleis ideane til ekspedisjonane oppstod, kva førebuingar som blei gjort, kven som ble med på ekspedisjonane og kvifor, og korleis ein skaffa finansiering. Og nettopp her klarer forfattaren å få fram kvifor Thorseth i så stor grad lukkast med å bli rikskjendis som eventyrar; stålvilje, hardt arbeid, staheit, nettverksbygging, timing, og evna til å levere historier.

Ein kjem ganske tett innpå både hovudpersonen og familien i boka. Dei fleste skildringane er i positive ordelag, men ein kan også lese mellom linjene ein del karaktertrekk som kan oppfattast som negative. Til dømes nevnast alkoholkonsumet hyppig, utan at det i klartekst er gjort greie for korvidt det var eit problem. (No skal det nevnast at på Sunnmøre på 1970-talet skulle det ikkje nødvendigvis all verdens alkoholkonsum til før nokon ville finne på å trekke det fram som eit problem ….)

Biografiar eg ikkje det eg les mest av, så eg har ikkje all verdens grunnlag for å uttale meg om kvaliteten på denne. Det ligg jo i korta at boka er meir ein hyllest enn noko anna, men forfattaren greier likevel å gi ei meir nyansert skildring av Thorseth enn det reine glansbiletet. Språkmessig er teksta stort sett grei, enkelte bolkar var litt uryddige, men ikkje så ille at det øydela for lesinga på nokon måte. Der er med eit knippe fotografi i boka, det hadde ikkje skada med enno fleire, men det er trass alt teksta som er det viktigaste i ein biografi. Konklusjonen er at det med god margin er ei leseverdig bok.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Tonesen81Heidi HoltanTurid KjendlieLena Risvik PaulsenMarit HåverstadBjørg  FrøysaaFrode Tangenmgeingar hCarine OlsrødGrete AastorpAnneOda Marie HIngvild RosslundHarald KRufsetufsaOdd HebækHilde Merete GjessingReidun SvensliDolly DuckTone SundlandPrunellaEllen E. MartolTheaKaramasov11Aud Merete RambølGroGodemineChristofer GabrielsenBente NogvaBeathe SolbergTor Arne DahlalpakkaJan-Olav SelforsJoannMorten JensenTor-Arne JensenIngvild SBjørg L.Barbro  Knudsen