Viser 1 til 3 av 3 omtaler

Greit oversatt, men ellers bare ett poeng, for Yorkshires landskap og den sjarmerende anden Donald McDuck, romanens eneste sympatiske og troverdige karakter, som jeg gjerne skulle hørt mer til. I kontrast til anden har vi politifolkene som liksom skal være etatens skarpinger, men ute av stand til å skjønne motivet før lenge etter at leseren har gjennomskuet mordofferet. Plottet er også skjemmet av et uvedkommende nygift par som utgjør en del av et like uvedkommende og utroverdig trekantdrama.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Inspektør Lynley og irriterende Havers. Etterforsker et drap i Keldale; en ung pike har innrømmet å ha hugget hodet av faren, men det er mye som taler for at det er noen berømmelige "ugler i mosen". Leste den som e-bok, og det var veldig mange trykkfeil - irriterende.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Roberta Teys vert funnen attmed det hovudlause liket av far sin, og innrømmer drapet med ein gong. Likevel er ikkje alt so likefram som det kan sjå ut til, og New Scotland Yard vert kopla inn i etterforskinga. Kriminalbetjent Thomas Lynley vert sett på saka, og saman med seg får han umoglege overkonstabel Barbara Havers. Dei fer til rolege Yorkshire, men ting er langt frå roleg under overflata - verken i Yorkshire eller i liva til Lynley og Havers.

Dette er klassisk britisk krim (reint sett vekk frå at forfattaren er amerikansk), med dei tvistane ein kan venta seg av moderne forfattarar. Romanen kom ut på 80-talet, men er ikkje nemneverdig datert meinar eg. Det vil sei, i dag vil nok mykje krim handla om terror, internasjonale transaksjonar, narkotika og menneskehandel framfor familietragediar og spøkelseshistoriar på bygda i Nord-England, men innan denne settinga, og denne sjangeren, gjer Elizabeth George det skarpt. Ho har i tillegg skapt eit par heltar som gjennom heile boki kjempar for å finna sin plass, og som det tek litt tid å bli kjent med - men kort tid å bli glad i.

Susan Elizabeth George (f. 1949) er frå Ohio, USA. Ho var lærar fram til ho debuterte med Mørkets gjerninger (A Great Deliverance) i 1988. Sidan då har ho gitt ut 17 nye bøker om Lynley, i tillegg til ei handfull andre.

(fyrst publisert her)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

CamillaSynnøve H HoelCathrine PedersenHarald KlillianerHeidiDagfinn JakobsenKirsten LundAnniken BjørnesTove Obrestad WøienDolly DuckAnn ChristinRufsetufsaGretheFIngeborgKristine LouiseGodemineAgnesTone SundlandVibekejunieBerit B LieAnne Berit GrønbechTor Arne Dahlingar hPiippokattaHilde Merete GjessingSolveigVanja SolemdalStig TÅsmund ÅdnøyPär J ThorssonMorten JensenTore HalsaBenteJarmo LarsenFarfalleEli HagelundAndreaKaramasov11