Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Det er moro med gamle science fiction-forteljingar. Denne høyrer vel til i toppsjiktet dersom ein skulle stille opp ei liste av klassikarar innan genren. Ikkje fordi boka er så fantastisk god i seg sjølv, i alle fall ikkje etter mi meining, men fordi den har hatt så stor innflytelse på populærkulturen i over hundre år. Boka er filmatisert mange gangar, mange har kanskje sett Spielberg-filmen frå 2005 med Tom Cruise i hovudrolla? For min eigen del var mitt første møte med denne historia då NRK ein gang på 70-talet viste The Night that Panicked America, ein filmatisering av massehysteriet som oppstod under ei radio-dramatisering av boka i 1938, der lyttarane trudde dei høyrde på ei verkeleg nyheitssending.

Sidan det er H.G. Wells som skriv, så er handlinga lagt til England, og ikkje til USA som ein er vant med frå diverste filmatiseringar. Det observerast ein rekke merkelege lysfenomen på Mars, nesten som eksplosjonar. Noko tid seinare krasjar ein stor metallsylinder ned på den engelske landsbygda. Det kjem mange nyfikne til staden, og brått startar sylinderen å åpne seg. Det er nokon inni. Derifrå ekalerer det til eit reint mareritt, det kjem fleire sylindrar, og det blir klart at det dreier seg om ein ytterst fiendtleg invasjon av teknologisk overlegne skapningar.

Det er ei god og spanande bok. Likevel sat eg med kjensla av at sjølv om plottet, og dei nyskapande elementa i det, var veldig bra, så var ikkje boka som heilheit mer enn noko over middels. Men uansett var den god tidtrøyte på diverse køyreturar i sommar, eg høyrde den nemleg som gratis lydbok frå Loyalbooks. Opplesaren var god, noko som sjølvsagt er viktig for ei lydbok.

Med denne har eg no høyrt fire av bøkene til Wells som lydbok. Det blir nok ikkje den siste.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Harald KEvaPiippokattaIngunnJLinda RastenMargrethe  HaugenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudSigrid Blytt TøsdalDagfinn JakobsenStein KippersundBerit RNicolai Alexander StyveTrygve JakobsenDemeteralpakkaBeathe SolbergAgathe MolvikHelge-Mikal HartvedtAnneWangTone SundlandTheaKirsten LundTrude JensenSynnøve H HoelStine SevilhaugSigrid NygaardLailaReadninggirl30HeidiAnne-Stine Ruud HusevågsomniferumBjørg  FrøysaaVannflaskeTovePerSpelemannHilde VrangsagenWenche VargassiljehusmorRufsetufsaEivind  Vaksvik