Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Edgar Rice Burroughs er mest kjend for historiene om Tarzan. Men den første forteljinga han publiserte var ei anna røvarhistoire, om eventyraren John Carter som på underleg vis havna på Mars og gjorde suksess som krigar og etter kvart også som adelsmann der.

Forteljinga blei pubilsert i 1912, og det er artig å tenke over korleis Burroughs har dikta opp teknlologiar og utstyr ut frå kunnskap ein hadde om naturvitenskapane på denne tida. Minst like artig er det å sjå korleis desse historiene har påvirka seinare science fiction forteljingar. Burroughs hadde sjølvsagt sjølv sine inspirasjonskjelder, det skulle berre mangle, men eg meiner å sjå t.d. element frå Star Wars-filmane som må vere inspirert av denne boka.

Litterært er nok boka av berre middels kvalitet. Ein kan sikkert også stille spørsmål ved helten sin dobbeltmoral, der han på den eine sida er forskrekka over marsboarane sin villskap og krigsiver og ynskjer at dei kunne leve i fred, medan han på den andre sida seier seg viljug til å slakte ned alle saman for å berge prinsessa si. Jaudå, der er romantikk i boka, Carter blir forelska i ei Mars-prinsesse.

Men det blir berre tøv å henge seg opp i sånne ting. Dette er lettbeint underhaldning, og det at ei science-fiction historie er over 100 år gamal gjer den i mine auge interessant nesten uansett litterære kvalitetar.

Eg høyrde denne som lydbok frå booksshoulbefree.com, som no heiter loyalbooks.com. Vel anvendt tid.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

somniferumTherese HolmEgil StangelandLars MæhlumHeidi HoltanKirsten LundLailaBerit B LieIngunn SReadninggirl30LilleviAnne LiseAndreas BokleserNorahStig TPrunellaMarkus IngebretsenRufsetufsaPiippokattaKarina HillestadSynnøve H HoelRoger MartinsenIrene KnudsenPer LundHarald AndersenAnne Helene MoeToveAnneWangCathrine PedersenMarenKikkan HaugenAnneIrenelesergretemorCarine OlsrødHarald KAnne Berit GrønbechBård StøreStian AxdalGunn Duaas