Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Framhaldet i soga om Clyde Griffiths og den blinde og omsynslause strebinga hans. Clyde kjem frå ei fattig og religiøs familie, men drøymer om eit liv i rikdom. Den amerikanske draumen, med andre ord. Når han kjem i kontakt med den velståande onkelen sin, som driv ein skjortesnippfabrikk i ein liten by nord i delstaten New York, virkar det som om målet er innanfor rekkevidde. Men nevøen og arvingen er ikkje interessert i konkurranse om fabrikkeigaren sin gunst, og Clyde blir igjen halden nede.

Det er ikkje berre i det økonomiske at Clyde ynskjer seg framgang, det sosiale er minst like viktig. Det å kunne menge seg med fiffen, å vere ein person som blir nemnd i avisene sine sosietetsspalter, det er noko av det gjevaste han kan tenke seg. Når han vinn sympati og etterkvart også kjærleik hjå rikmannsdattera Sondra, verkar alt å vere i boks. Det er berre eit problem, han har også eit løynleg forhold til fabrikkjenta Roberta, og ho er gravid. Korleis i alle dagar skal han vri seg ut or denne knipa?

Vendinga historia tek skal vere inspirert av ei verkeleg kriminalsak i USA tidleg på 1900-talet. Dermed får delar av boka også preg av å vere ein slags kriminalroman, med ein skarp politimann som gjer eit brukbart stykke detektivarbeid, og ein skurk som prøver å skjule spora sine. Om han hadde ynskt det, kunne forfattaren har gjort mykje meir ut av dette aspektet ved forteljinga. Men det var nok ikkje meininga at krim og spaning skulle vere hovudingrediensen her.

Tittelen til boka meir enn antyder at det ikkje gjeng så bra til slutt. Det er vanskeleg for Clyde å skulde på andre enn seg sjølv for at det gjeng som det gjeng, likevel så er det også omstende som han ikkje er herre over som gjer det ekstra vanskeleg for han. Den amerikanske draumen endar i tragedie, både for hovudpersonen og for mange rundt han. Sterk attrå og veik moral kan nok vere ein dårleg kombinasjon, og her får ein tydelege døme på det.

Alt i alt ei god bok, litt omstendeleg til tider, men med mange gode personkarakterestikkar og med interessante samfunnsmessige problemstillingar. Det overraskar meg litt at det ikkje er fleire bokelskarar som har boka i samlinga si. Er dette ein «gløymd klassikar», eller er det slik at boka ikkje er god nok/interessant nok for den moderne lesaren?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

HeidisiljehusmorChristoffer SmedaasAkima MontgomeryKristine LouiseAnne-Stine Ruud Husevågmay britt FagertveitIngunn SHarald KLailaTanteMamiePia Lise SelnesKine Selbekk OttersenGodemineSigrid Blytt TøsdalTralteRisRosOgKlagingPer Åge SerigstadHilde H HelsethBjørg  FrøysaaLisbeth Marie UvaagHanne Kvernmo RyeKirsten LundJarmo LarsenMarianne  SkageTor Arne DahlDemeterAnn ChristinDolly DuckJan-Olav SelforsHeidi LMarit HåverstadSynnøve H HoelMarianne AugustaJohn LarsenArne SjønnesenAnne Berit GrønbechAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBenedikteBerit R