Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Holly rømmer frå romkameratane frå (eit svært reint) helvete, og flytter inn saman med bestekameraten Josh, arbeidsnarkomanen Kath og den usynlege Addison, datanerd med ikkje-eksisterande døgnrytme og sosial angst. Holly er blomsterdekoratør, men har hatt dårleg hell på jobbmarknaden, og på kjærleiksfronten. No ventar ein jobb som assistent under ein 19-åring som søv seg til topps i rocke-bransjen, og eit val mellom data-nerden Addison (dersom han berre oppdagar henne) og fysikk-nerden Finn (dersom ho berre oppdagar han).

Romanen er leiken, med karakterar som ikkje går gjennom dei store aha-opplevingane, men som jamnt over lærer noko, veks litt og tilbyr god underhaldning undervegs. Dette er den andre romanen av Colgan eg har lese, og i høve Meet Me at the Cupcake Cafe synes eg dette var eit lite steg opp – rett og slett fordi det smittande humøret til Holly er – vel – smittande.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

HeidiTine VictoriaJulie StensethHelen SkogAndreas BokleserTone HTerje N AbuslandHilde Merete GjessingHenrik  Holtvedt AndersenKirsten LundBjørg L.Amanda AAvamgeGodemineReadninggirl30Lisbeth Marie UvaagAstrid Terese Bjorland SkjeggerudVannflaskePiippokattaTore HalsaLinda NyrudKjell PTore OlsenCamillaSiw ThorbjørnsenReidun SvensliAnn ChristinLise MuntheDemeterBerit RAstrid SæverhagenHilde MjelvaConnieBjørn SturødTheaHarald KBeathe Solbergandreas h. o.Ingrid Hilmer