Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Harriet Beecher Stowe gav ut denne boka i 1852, nokre år før slaveriet var avvikla i Sørstatane i USA, og boka blir reikna for å ha vært viktig i å påskunde denne avviklinga. Det gjeng også ei anekdote om at Abraham Lincoln skal ha møtt Stowe ved starten av den amerikanske borgarkrigen, og ha helsa henne med orda «så, dette er den vesle dama som starta denne store krigen».

Boka fortel historia til eit knippe personar. Hovudpersonen er Onkel Tom, ein middelaldrande, klok og from slave som grunna eigaren sin pengemangel blir seld av eigaren sin i Kentucky og send sørover til ein slavemarknad i New Orleans. Ein får inngåande kjennskap til mange slave- og slaveeigarskjebner undervegs, både frå Kentucky og frå Louisiana. Nokre slavar rømer og klarer seg, andre gjeng det mindre bra med.

Forfattaren legg ikkje fingrane imellom når ho malar ut dei umennesklege sidene ved slaveriet, eksemplifisert ved enkeltmenneska sine skjebner. Heltane i historia er umåteleg edle og tålmodige, og sjølv under dei største prøvingane gir dei aldri opp trua på Gud. Slik sett kan ein kanskje påstå at mange av personane i boka er eindimensjonale karikaturar med lita truverdigheit. Enkelte av rollefigurane framstår også som stereotype framstillingar av dumme og enkle negrar, noko Stowe sin bok har fått mykje kritikk for i moderne tid.

Men desse aspekta er etter mitt syn underordna. Heile persongalleriet og handlinga er nemlig kun eit sett virkemiddel som har som formål å vise det umennesklege og absurde i slavehandelen. Og her er Stowe virkelig strålende i utlegningane sine. Ein ting er dei reint moralske aspekta ved å slavebinde andre menneske, men Stowe er på sitt mest nådelause når ho med bitande sarkasmer gjeng i rette med den lovgjevande forsamlinga som har vedtatt åpenbart dobbeltmoralske lover. Forfattaren kjem med mange slike stikk i løpet av boka, og det med ein glimrande retorikk som stend seg godt også i våre dagar.

Den av dei norske omsetjingane som har flest følgarar på bokelskere.no virkar å vere ein sterkt nedkorta versjon, tilpassa barn og ungdom. Det første som slo meg etter å ha starta på originalteksta er at det er nytta eit forhodsvis omstendelig, nesten kronglete språk, langt frå kva ein kunne vente av ei bok tilpassa barn og unge. Mykje av dialogen krev også ein viss konsentrasjon, då den gjenspeiler dialektene (og sosiolektene) i dei ulike samfunnslaga i Sørstatane.

Eg høyrde denne som lydbok, nedlasta frå http://www.booksshouldbefree.com. Opplesaren gjorde ein framifrå jobb etter mitt syn, men varierende kvalitet på lyden trekker litt ned. Men når det er gratis så kan ein jo ikkje klage.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Ingunn SJulie StensethStig TPiippokattaFrode Øglænd  MalminJohn LarsenTor-Arne JensenHilde H HelsethKarin  JensenKirsten LundRuneAvaHarald KAud- HelenInge KnoffHeidisiljehusmorChristoffer SmedaasAkima MontgomeryKristine LouiseAnne-Stine Ruud Husevågmay britt FagertveitLailaTanteMamiePia Lise SelnesKine Selbekk OttersenGodemineSigrid Blytt TøsdalTralteRisRosOgKlagingPer Åge SerigstadBjørg  FrøysaaLisbeth Marie UvaagHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenMarianne  SkageTor Arne DahlDemeterAnn ChristinDolly Duck