Viser 1 til 1 av 1 omtaler

om å vite kven ein er....

"Det finnes mennesker som går gjennom livet med sin mislykkethet skrevet i ansiktet og i kroppens bevegelser."
Slik startar denne romanen på meir enn 500 sider.
I første delen av boka er vi 60-åra saman med bandgjengen Jouni, Ariel og Adriana. Dei spelar til dans, og kjem endåtil så langt at dei gir ut si eiga plate. Etterkvart opplever dei at musikklivet har ein del utfordringar som dei ikkje hadde føresett, og at samfunnet krev meir av dei.
Dei utviklar seg i kvar si retning, og berre Jouni ser ut til å lukkast, til å nå måla sine som ein mann med posisjon innanfor politikken.

20 år seinare begynner journalisten Frank å leite etter kva som eigentleg hende med den delvis gløymde popgruppa. Hans store kjærleik gjennom livet , Eva, er veslesyster til gruppemedlemet Adriana. Og - det han får å vite - litt etter litt - viser seg å få store konsekvensar for hans eige liv - svært mykje seinare.

Å lese boka var ikkje ein udelt fornøyelse. Sjølv om vi i vår familie har mange linkar til pop i 60 og 70-åra, så var det ikkje alt som fenga meg like mykje.
Opplevde det elles som noko merkeleg at eg i deler av boka nesten kjeda meg, men at boka vart "stor" mot slutten, først då forstod eg kva som var meininga - at ekte venskap er ein stor rikdom.
Derfor vart det likevel terningkast 5

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

sveinBjørg L.AvaFrode Øglænd  MalminJoakimVibekeKirsten LundIreneleserTove Obrestad WøienBeathe SolbergLilleviWenche VargasJulie StensethAnne-Stine Ruud HusevågPiippokattaToveAnneWangFriskusenSigrid Blytt TøsdalStig TEvaNorahDolly DuckKarin  JensenKatrinGKjell F TislevollJan-Olav SelforsChristofferHeidi BG LHarald KHanneRisRosOgKlagingHilde H HelsethEmil ChristiansenTraltemay britt FagertveitMarteLyriaIngunn S