Viser 1 til 1 av 1 omtaler

“You’re doing a what?” she had aksed, when I mentioned the reason I was going to East Carmine.
“A chair census, my poppet,” I had explained. “Head Office are worried that the chair density might have dropped below the proscribed 1.8 per person.”
“How absolutely thrilling. Does an ottoman count as a chair or a very stiff cushion?”

Jasper Fforde, Shades of Grey

Eddie Russett, 20 år og innehavar av ein heil del merits og eit needs humility-badge reiser til East Carmine saman med faren, som er chromaticologist og skal ta over praksisen til Ochre for ein kort periode. Men i East Carmine er ikkje alt like ordna som i resten av the Collective. Det viser seg at Ochre enten tok sjølvmord som fylgja av wrong diagnosis, eller at han døydde chasing the frog. Eller kanskje var det noko heilt anna som skjedde han? Eddie og faren har ein Apocryphical Man på loftet, og the grey dei har som hushjelp har, i tillegg til ein svært vakker nase, både eit vanskeleg temperament og mange hemmelegheiter. Eddie sin Ishihara er nær føreståande, men nokon vil ha han ut av vegen. Eddie mistenker nemleg at nokon i East Carmine did the murder på ein gjennomreisande.

Gav dette lite til inga meining? Frykt ikkje, det finst eit jukseark, her.

Shades of Grey fortel historia om eit dystopia som verkar som eit ordna samfunn. Det har gått over 400 år sidan the something that happened, som forandra samfunnet frå det det ein gong var til det det er no. Alle dei som budde her før, the previous, er vekk, og attende står innbyggarar med fleire spørsmål enn svar. Svara har forsvunne i ein serie leapbacks, der teknologi og informasjon – og skeier – er utrydda. Samfunnet er streingt chromatic, altså bygd opp etter kva fargar ein ser. Øverst på rangstigen står dei lilla, med dei grå nederst av alle. Og inn i dette vandrar altså unge, naive og romantiske Eddie Russet, ein raud med gode framtidsutsikter på ekteskapsmarknaden, og i samfunnet elles. Og Jane Grey, arbeidaren med den flotte nasen.

Dette er ein serie som skil seg litt frå dei andre bøkene til Jasper Fforde. For det fyrste har litteraturen liten til ingen plass, og det er færre openberre parallellar til ting ein har lese før. Det har antakeleg større likskapar med Dragonslayer-serien hans, som vart publisert året etter denne, sjølv om den har større svakheitar enn Shades of Grey. Enten gir ein seg over og lever seg inn i verda til Fforde, eller så står ein på utsida og ristar på hovudet over ein fantasi som har gått berserk. Eg er av dei fyrste.

Jasper Fforde (f. 1961) er forfattar frå Wales. Han debuterte i 2001 med The Jane Affair, fyrste bok i serien om Thursday Next, som er hans mest kjente. Shades of Grey 1: The Road to High Saffron kom ut i 2010. Fforde har elles skrive ungdoms-fantasy-serien The Last Dragonslayer (to av tre bøker publiserte), fantasy-science fiction-nonsense-krim-serien Thursday Next (sju bøker til no) og like absurde Nursery Crimes (to bøker). Fansen ventar i spaning på alle bøkene hans, men særleg Shades of Grey er heftig etterlengta. Rykta seier at det kjem ein forløpar – kanskje, kanskje, til neste år, eller året etter…

Fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

BenedikteBjørg L.Torill RevheimRisRosOgKlagingsiljehusmorSolveigNorahEllen E. MartolAkima MontgomeryHarald KHeidi HoltanAgnete M. HafskjoldTanteMamieJane Foss HaugenMarit HøvdeEgil StangelandLailaTor-Arne JensensveinAnniken RøilCarine OlsrødOleLena DammenRune U. FurberggretemorBerit RConnieBjørn SturødGrete AastorpAnneWangritaolineJohn LarsenKirsten LundToveAliceInsaneBente NogvaVannflaskeLinnTurid Kalvatn SchøyenTone Sundland