Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Rendezvous With Rama er klassisk science fiction, på godt og vondt. I året 2130 oppdagar astronautar at ein himmellekam er på veg inn mot hjartet av solsystemet, med enorm fart. Og ikkje nok med det: Lekamen, som får namnet Rama, liknar ingenting astronomane nokon gong før har sett. Det blir fort klart at Rama er eit romskip frå eit anna stjernesystem, og astronautane på romskipet Endeavour blir sendt for å gjera rendezvous. Menneskja skal for første gong møta utanomjordisk intelligens. Men møtet må bli kort, for snart vil Rama vera så nær sola at det vil bli umogleg for Endeavour å returnera trygt til jorda.

Det gode først: Arthur C. Clarke er usedvanleg fantasifull, og han fuskar ikkje med vitskapen. Det er ei fryd å vera med og utforska den gåtefulle, sylindriske verda Rama. Clarke skildrer syn og situasjonar som det verkeleg er verd å dvela ved, lukka augene og sjå for seg. Dei virker fantastiske, men har solid grunnlag i fysikken slik me kjenner han. Særleg imponerande er måten han skriv om opplevinga av tyngdekrafta – korleis våre jordlege oppfatningar om opp og ned blir tødd etter kvart som astronautane trenger stadig djupare inn i Rama. Her er det mykje mat for fantasien!

Men så skal det ikkje berre vera god science, det skal jo vera god fiction òg. Dei meir tradisjonelle actionsekvensane er lite imponerande, men heller ikkje noko stort fokus i fortellinga. Spenninga i boka ligger mest i kjensla av undring lesaren får etter kvart som Rama vaknar til og avslører stadig nye sider, og dei sterkaste kapitla i boka er definitivt dei som følger astronautane på Rama. Den parallelle fortellinga om diplomati og debattar i hovudkvarteret til United Planets på månen, blir derimot sjeldan spesielt engasjerande.

Persongalleriet her er ikkje akkurat det friskaste heller. Det er ein ganske generisk gjeng med heltar, som er enkle å gløyma. Og sjølv dei figurane som viser eit visst potensial, som den djupt religiøse løytnanten Rodrigo, får altfor lite tid til å utvikla seg til å bli særleg interessante. Dialogane er ofte stive og lite truverdige, og forfattaren har ein irriterande tendens til å gi eksposisjon eller understreka poeng som ellers berre er antyda i teksten ved å gi personane «uforklarlege aningar» i tide og utide.

Boka er varmt tilrådd til dei som er begeistra for science fiction og tankeeksperiment. For andre lesarar er Rendezvous With Rama ikkje akkurat obligatorisk. For nykommarar som er interesserte i forfattarskapet til Arthur C. Clarke, vil eg snarare tilrå å lesa den briljante 2001: A Space Odyssey.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Trude OmaToveDolly DuckAvaRandiAElisabeth SveeJoannHilde H HelsethKirsten LundStine SevilhaugKathinka HoldenTove Obrestad WøienJarmo LarsenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseIngunn ØvrebøHilde Merete GjessingritaolineElin FjellheimRufsetufsaTonesen81Synnøve H HoelEivind  VaksvikMarteSverreReadninggirl30FredrikIngunn SJon Torger Hetland SalteVegardSilje BorvikBertyBjørg L.Beathe SolbergLisbeth Kingsrud KvistenIngeborg GVibekePirelliTheaLars Mæhlum