Viser 1 til 3 av 3 omtaler

Hamilton nr 1

Godt sagt! (0) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hovudpersonen i boka er Carl Gustav Gilbert Hamilton, ein spesialtrent agent i den svenske tryggingstenesta. Ein framståande tenestemann i tryggingstenesta blir likvidert og Hamilton blir trekt inn i saka. Etterforskninga står i stampe, eller er på villspor, i store delar av boka før Hamilton etter kvart kjem på sporet av eit omfattande komplott med bakgrunn i konflikter i midt-austen.

Boka er svært detaljrik og tidvis godt fortalt, men innimellom også i overkant omstendelig. Forfattaren gjev inntrykk av å ha svært gode kunnskapar om politiarbeid og tryggingstenester både i Sverige og i andre land, samt detaljert kunnskap om enkelte våpentyper. Miljøskildringane er også detaljrike og truverdige, og samspelet mellom den unge Hamilton og dei eldre kollegaane Appeltoft og Frisdedt er underhaldande lesing.

Det største ankepunktet er at omlag 2/3 av boka blir via det at etterfoskninga ikkje kjem nokon veg eller er på villspor slik som ved diverse politiaksjonar som har som mål å arrestere venstreradikale heller enn å oppklare mordet. Her sit ein med ei kjensle at av forfattaren har som agenda å henge ut venstrefiendtlig svensk politi heller enn å lage ein god spion/kriminalroman. For all del, uthenging kan vere underhaldande nok, men når det går på bekostning av framdrifta i forteljinga blir det frustrerande for lesaren.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundTrude OmaToveDolly DuckAvaRandiAElisabeth SveeJoannHilde H HelsethStine SevilhaugKathinka HoldenTove Obrestad WøienJarmo LarsenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseIngunn ØvrebøHilde Merete GjessingritaolineElin FjellheimRufsetufsaTonesen81Synnøve H HoelEivind  VaksvikMarteSverreReadninggirl30FredrikIngunn SJon Torger Hetland SalteVegardSilje BorvikBertyBjørg L.Beathe SolbergLisbeth Kingsrud KvistenIngeborg GVibekePirelliTheaLars Mæhlum