Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Knalltøff bok. Ikkje fordi den er så overvettes spanande, men fordi den er så rett på sak, kondensert, usentimental og ujålete. Hovudpersonen, som er forteljar i første person og presens, er ein mislykka forretningsmann av den smått tvilsame sorten som er i ferd med å gå personleg konkurs. Han må finne ein rimeleg grei måte å skrape saman litt pengar på. Og i forbodstida på 1920-talet så var det god butikk å drive spritsmugling, i alle fall for dei som ikkje blei hekta av politiet.

Omre seier mykje med få ord. Dialogen er knapp, det er sparsamt med skildringar, det blir ikkje dvela så mykje ved dei ulike tinga som skjer, lesaren berre halsar etter hovudpersonen som jagar etter neste jobb, neste last, neste omlossing, neste pengebunke. I tillegg til å passe seg for politi og tollarar, som prøver å stoppe smuglinga med vekslande hell, lyt ein også passe seg for samarbeispartnarar, konkurrerande smuglarbander og alminneleg tjuvpakk. Midt oppe i dette er det også eit par damehistorier, sjølvsagt.

Omre var sjølv dømd for smugling og diverse andre forhold, og hadde såleis førstehands kjennskap til denne levevegen. Skrivestilen hans blir gjerne samanlikna med Hemingway, og sjølv om eg hittil har lest berre ei bok av kvar av desse forfattarane så var dette også noko som slo meg medan eg las boka. Ein annan tanke som slo meg, var at på den eine sida kan ein tenke at historia er moralsk nedbrytande i og med at lesaren sit og heier på ein lovbrytar og valdsmann, men på den andre sida er det oppløftande at ein lovbrytar og valdsmann også kan bli ein god forfattar. Så får ein vone at det også finnest andre vegar til forfattaryrket.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Jarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlPiippokattaTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H HelsethIngvild RosslundHanne Kvernmo RyeJulie Stenseth