Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Andre halvdel av historia om Eco sin seinmiddelalder-Sherlock Holmes, William frå Baskerville, som saman med novisen Adso frå Melk prøver å finne ut av kvifor det skjer så mange drap på klosteret der dei oppheld seg. Klosteret sitt bibliotek ser ut for å vere sentralt, problemet er berre at tilgangen til biblioteket er svært begrensa. I tillegg er det litt av ein labyrint, både sjølve biblioteket og lønngangen for å kome dit.

Historia er filmatisert. Det er ikkje ofte eg tykkjer filmen er meir givande enn boka, men denne gangen gjorde eg faktisk det. Ikkje fordi boka er så dårleg, men fordi filmen gjorde så sterkt inntrykk då eg såg den. Det var lenge sidan, under førstegangstenesta, og filmen blei satt opp i velferdshuset sin kinosal. Ei scene som ikkje har så mykje å seie for kor god eller dårleg filmen var, men som likevel festa seg i minnet, var der Adso og bondejenta reiv av seg fillene for så å kopulere på golvet i klosteret sitt kjøken (Scena kjem for øvrig frå slutten av bind 1 i denne utgjevinga). I ei forsamling på nokre hundre 19-20 åringar er det alltids nokre vittigperar som plystrar og hoiar når det blir nakenheit på kinolerretet. Men scena blei heftigare og heftigare, plystringa døydde ut, og det breidde seg ei slags kollektiv flauheit i salen. Før scena var over var det dødsens stille. Eg kan ikkje hugse at eg nokon gong har site i ei meir beklemt forsamling. Ja ja, nok om det.

Boka får ein dramatisk slutt, og for den som ikkje levde på denne tida så er det ufatteleg at bittesmå teologiske usemjer kan føre til så mykje dreping. Eller vent litt, det manglar visst ikkje døme frå vår eiga tid. Så har vi kanskje ikkje kome så mykje lenger på dette området sidan middelalderen?

Heilt til slutt i boka har forlaget tatt med Eco sine randbemerkningar til denne historia, som han publiserte nokre år etter sjølve romanen. Kanskje mest for spesielt interesserte, men har ein først tatt seg bryet med å lese boka så er det vel verdt å ta med randbemerkningane også. Kanskje blir ting ein har lurt på undervegs i boka litt klarare då?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Stine SevilhaugMonaBLVariosaHarald KTorFlettietteMonica CarlsenHilde Merete GjessingReadninggirl30DemeterPacosiljehusmorgretemorBjørg RistvedtHilde H HelsethStig TJarleLeseberta_23BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie UvaagTone HGrete AmundsenAnne-Stine Ruud HusevågKristina Jernstrøm LyseboritaolineKirsten LundCecilie MLailaHeleneEgil StangelandLene AndresenMorten MüllerGodemineHilde VrangsagenMarit HøvdeInger-Lise