Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Boka er forteljinga om Lena frå ho som 16-17-åring, på midten av 50-talet, blir forelska i og får fast følge med den 3 år eldre lækjarsonen Kjell, om eit forhold der ho underkastar seg kjærasten (som etter kvart blir ektemannen), familien og omgjevnadane sine ynskje, og korleis ho plagast av å ha gitt slepp på sin eigen identitet og sine eigne draumar, og fram til ekteskapet tek slutt.

Denne boka hadde vi som felleslesing på vidaregåande i første halvdel av 80-talet. Eg skulka unna før eg var komen halvvegs, og når eg no les den opp att (og fullfører!) snart 30 år seinare så merkar eg faktisk at uviljen kjem attende. Det er nemlig grenselaust irriterende at ei ellers oppvakt og dyktig jente ikkje klarer å bryte ut av eit skakkøyrd forhold, men at ho gang etter gang let seg kue og, ja, nærmast dyrkar offer-rolla, og deretter nesten gjeng under av sjølvmedynk og skuldkjensle.

Eg ser ikkje vekk frå at det er ei realistisk framstilling av dei psykologiske mekansismene i eit ekteskap med skeiv maktbalanse som blir skildra i boka, men det blir så framandt for meg at eg ikkje greier å forholde meg til det. Derfor greier eg heller ikkje å la meg fange av forteljinga, og leseopplevinga blir deretter.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Egil StangelandKjetilTine SundalsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H HelsethIngvild RosslundHanne Kvernmo RyeJulie StensethBeathe SolbergKirsten LundChristoffer SmedaasRandiAstrid Terese Bjorland SkjeggerudMarianne MBjørg Marit TinholtJarmo LarsenEllen E. MartolMonica CarlsenBjørg L.Tove Obrestad Wøien