Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Jer har ikke oppdaget noen ting. Jeg er bare blitt klar over noe jeg har visst.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har nettopp avslutta storverket av Leo Tolstoj- Anna Karenina - ca 900 sider i to bind, uforkorta versjon. Det har teke tid, både fordi der var deler, sekvensar som eg måtte dvele ved, lese igjen...og fordi der var deler som eg sleit litt med.

Boka er ein samtidsroman frå Russland rundt 1870. Hovudpersonane er Anna,ei vakker gift kvinne, og den yngre offiseren Vronskij som ho forelskar seg i. Dette får skjebnesvangre følgjer både for desse to - og for familiane deira. Har nettopp lese at Anna vert samanlikna med Nora hos Ibsen - og nokre likskapar kan ein sjå.... I tillegg til Anna og Vronskij har Levin og Kitty ei framtredande rolle i romanen, saman med ein del andre personar dei er knytte til på ulike måtar.

Kjærligheten er ikke noen følelse: den er en sykdom som ikke utvikler seg litt etter litt, men plutselig er den der,rammer mennesket og lammer dets vilje. Lik rovfuglen griper den om sitt offer og fører den dit den vil, uansett hvor meget mennesket stritter imot. Og deretter begynner en "skjebnesvanger tvekamp" mellom de elskende som ubønnhørlig bringer dem begge i undergangen. *(Sitat frå føreordet i bind I)

Boka gir eit godt tidsbilde av livet til aristokratiet i Russland før revolusjonen - der omgangsformer, etikette og konvensjonar har ein framtredande plass. Det å handle på tvers av det aksepterte fører fort til utstøyting og isolasjon. Det er nok medverkande til det tragiske utfallet...

Tolstoj brukar også mykje tid på å beskrive politiske og filosofiske idear som mange var opptekne av.

Eg er glad for at eg har fullført denne - endelig - og forstår godt at boka vert rekna som eitt av storverka av Tolstoj. Det kunne til tider vere litt vanskeleg å halde konsentrasjonen der det vart diskutert politikk og filosofi, men elles så er der rikeleg å ta av når det gjeld gode formuleringar. Det som volda meg aller mest problem, var namn - same personane vart kalla ulike- ofte svært ulike - namn i ulike settingar. Men dette er forklart i etterordet... Det var også svært uvant at også ektefolk tiltulerte kvarandre med De..

Alt i alt: Ei sterk leseoppleving- kar: seks

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Egil StangelandKjetilTine SundalsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H HelsethIngvild RosslundHanne Kvernmo RyeJulie StensethBeathe SolbergKirsten LundChristoffer SmedaasRandiAstrid Terese Bjorland SkjeggerudMarianne MBjørg Marit TinholtJarmo LarsenEllen E. MartolMonica CarlsenBjørg L.Tove Obrestad Wøien