Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Hyggelig gjenlesning av disse utvandrerbøkene fra Sverige til Amerika fra 1850-årene og deres liv med slit og strev med å skaffe seg nytt fotfeste i et nytt fedreland. Har lest bøkene tidligere på 70-tallet og husker TV-serien godt (skulle gjerne ønske TV-serien i reprise).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Siste boka om utvandrarane frå Ljuder i Sverige, og lagnaden deira i det nye landet. Og der kom den. Konflikten med indianarane som har blitt trengt bort frå jaktmarkane sine, og fått stendig dårlegare vilkår for levesettet sitt. Og det blei blodig og fælt. Rystande skildringar av morbide detaljar i indianarane sin framferd. Så lyt ein hugse på at skildringane er sett frå nybyggarane sin ståstad, ein får i mindre grad greie på detaljane i dei kvite sin framferd mot indianarane.

Etter kvart som bokserien skrid fram får dei øvrige i reisefølget mindre og mindre merksemd, no er det nesten berre Karl Oskar og Kristina det handlar om. Kristina har hatt varierende helse, og no er det slutt, etter nær 20 års ekteskap og 12 år i Amerika. Einsemda til Karl Oskar etterpå blir glimrande skildra, han nærmast isolerer seg frå dei andre i bygda. I tillegg blir ungeflokken vaksne, nokre giftar seg og reiser bort, og dei som blir att har funne seg ikkje-svenske ektemakar. Det blir ein heil bøling med barnebarn etter kvart, og Karl Oskar reflekterer litt over dette med at han har tatt med seg slekta ut av Sverige.

Eg må trekke litt stilpoeng for eit par forhold undervegs; det blir for mykje repetisjon av same poenget. Dette har vært tilfellet i enkelte av dei andre bøkene også, men dette var kanskje den boka der det var tydelegast. I tillegg er enkelte av dei triste scenene litt for tilgjort melodramatiske. Moberg berre dyngar på med grine-effektar, men det får då vere grenser, tenkte eg undervegs.

Likevel må eg seie at det har vært ein særs triveleg bokserie å følge. Symboltungt nok så har eg lest dei frå vår til vinter dette året, og etter 1940 sider i lag så er det ikkje til å unngå at ein blir ganske glad i hovudpersonane. Takk for følget, Karl Oskar og Kristina, og tusen takk til Vilhelm Moberg for å ha skapt denne bokserien.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Ingunn SBjørn SturødCarine OlsrødTralteHanne Kvernmo RyeOleKirsten LundBeathe SolbergAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvamgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GHarald KPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAneMarteLailaTine SundalTatiana Wesserling