Vakker bok om ein liten gut og bestefaren hans. Dei to er nært samanknytte. Dei ser på stjernene og dei set ut graut til nissen, og guten trur så klart det er nissen som et grauten. På julafta kjem julenissen, og guten er ikkje dummare enn at han har gjennomskua bestefaren. Han skjønar så pass at når bestefaren går ned i kjellaren etter ein dram, og nissen i mellomtida kjem med gåver, så er det nok bestefar som er blitt forvandla til ein nisse. Etterpå seier bestefar at det var dumt at nissen kom akkurat når han var nede i kjellaren, men det tenkjer guten må vere fordi bestefar ikkje kan hugse å ha blitt forvandla. Eg vil ikkje røpe meir av handlinga. Les boka sjølv, anten aleine eller ilag med eit barn.
Eg tykte historien var rørande vakker. Flotte, stillferdige teikningar og fin tekst. Ei glimrande barnebok. Guten og bestefaren lever på ein gard, openbart nært knytte til både tamdyra og dei ville som held til i nærleiken, og naturen for øvrig. På slutten av boka finn guten meining og trøyst i eigne tankar der naturen er heilag og døden berre ein overgang. Kan hende berre barnlege førestillngar, men eg synes guten er klokare enn vi anar.