Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Unge Edmond Dantes har livet føre seg - han er ung og frisk, er nett forfremma til kapten på Pharon og skal heim for å gifta seg med den fagre Mercedes. Men intrigane til tre menn set kjeppar i hjula for dei lyse framtidsplanane, og Dantes vert urettvist fengsla. Då han 14 år seinare rømmer frå Chateu d'If i innseglinga til Marseilles, er byen, landet og livet hans endra. Skipseigaren Morell er på kanten av konkurs, Mercedes har gifta seg med erkefienden Ferdinand og den gamle faren til Edmond har døydd av svolt etter å ha mista sin einaste son. Dei tre som sveik han er no suksessrike menn: Ferdinand Mondego, Count de Moncerf, er ein stor krigshelt, baron Danglars er ein rik bankmann og sakføraren de Villefort styrer Paris sitt rettsvesen. Dantes sver hevn over dei som gjorde han urett, og greven av Monte Cristo gjer sitt inntog i den europeiske eliten.

Greven av Monte Cristo er ein roman om hevn og rettferd, men òg om ein hevnar som finn att medmenneskelegheita si. Han ser seg som Guds eiga hevnande hand, men må etterkvart innsjå at kjærleiken må overvinna hatet, og at fedrenes synder ikkje skal sverta borna.

Historia om Edmond er spanande og medrivande i seg sjølv, men det som gjer denne lange romanen drivande og medrivande er vel så mykje det lette språket og dei mange spora forfattaren legg ut til lesaren. For romanen er lang - det er ei mengd ulike karakaterar med irriterande like namn. Det er lange samtalar om bandittar og politikk og historie og giftmord som kan vera vanskeleg å plassera i den store samanhengen. Det er bihistoriar og distraksjonar og Edmond sine mange løgner å halda styr på. Men det passar saman, til slutt, og det er nettopp dette som gjer at lesaren alltid vil vera med vidare.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg  FrøysaaHelge-Mikal HartvedtKirsten LundHarald KRune U. FurbergLilleviIngunn SBjørn SturødCarine OlsrødTralteHanne Kvernmo RyeOleBeathe SolbergAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvamgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAne