Viser 1 til 1 av 1 omtaler

“Vil De ikke sette Dem, Cordelia Gray, og forklare hva vi kan hjelpe Dem med?”
Cordelia la seg forsiktig på kne, redd for å få grønske på det myke skinnet i skjørtet. Det var en underlig måte å intervjue mistenkte på – knele ned foran dem. Men de var jo selvfølgelig ikke mistenkte. Hun sa:
“Jeg er privatdetektiv. Sir Ronald Callender har gitt meg i oppdrag å finne ut hvorfor hans sønn døde.”
P. D. James, En upassende jobb for en kvinne

Etter berre eit par år i bransjen står Cordelia Gray einsam i verdi, utan pengar, med ein uregistrert revolvar og ein privatdetektivpraksis som aldri har teke av. Fyrste oppdrag for den unge detektiven kjem i form av eit sjølvmord – Mark Callender vart funnen hengt, og faren, forskaren Sir Robert Callender, vil finna ut kva som førte til at sonen forlot universitetet i Cambridge til fordel for ein gartnarjobb på landet. Og Cordelia er rette kvinna for oppdraget, der ho vekslar mellom rollen som hardbarka etterforskar og følsom ungjente.

Det er nettopp denne vekslingi som gjer denne fyrste Cordelia Gray-romanen litt halvvegs, i mine augo. Eg kunne tenkt meg enten ei heltinne med meir fokus, eller ei heltinne som var enklare å fylgja i alle tankesprang og moralske innvendingar. I tillegg har romanen ein tidskoloritt som plasserer den midt mellom sjarmerande og irriterande. Men Cordelia Gray fekk ein oppfylgjar ti år seinare, og P. D. James vert rekna som ein stor krimforfattar. Særleg er det romanane hennar om poeten og kriminaletterforskaren Adam Dalgliesh som dukkar opp når ho vert nemnt.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Harald KHanne Kvernmo RyeAndreas HesselbergToveBjørn SturødCathrine PedersenLogikaPiippokattaKaramasov11Agnete M. HafskjoldAkima MontgomeryTine SundalalpakkaAnniken LHeidi BHilde VrangsagenBeathe SolbergAnn ChristinSilje-Vera Wiik ValeHilde H HelsethBente NogvaKari FredriksenKirsten LundFindusHanne Cathrine AasMonica CarlsenSynnøve H HoelSiriStig TLars Johann MiljeHildaDaffy EnglundmgeMarit HåverstadRune U. FurbergMarianne MChristofer GabrielsenTanteMamieAstrid Terese Bjorland SkjeggerudJB