Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Uvanleg bok

om uvanlege menneske

Hadde eigentleg store forventningar til denne, etter terningkasta som var gitt her inne,og etter det eg kunne lese på coveret...Men, for meg vart dette meir sært enn godt.

Plotet til historia er svært bra, det i seg sjølv kunne apellere til toppkarakter:
Ein svært populær og berømt dirigent bestemmer seg brått for at han vil slutte. Som avskjedskonsert vil han dirigere Stabat Mater av Pergolesi, og han vil ha med dei aller fremste solistar som finst: nemlig den kyniske og sære Rebecca Luanardi, og Marcel Vanut – ein gutesopran som gir foreldra alt dei treng av ære og inntekt.
Av alle stader vert ei lita kyrkje på Island valt som konsertlokale, ei kyrkje som ikkje har plass til meir enn eit halvt hundre tilhøyrarar. Originalt!

Men, det vart ikkje den heilt store opplevinga, dessverre.
I tillegg til dirigenten og dei to solistane får ein svensk dørmann,Oscar, og Hákon, ein islandsk rundbrennar ganske mykje rom i teksten. At deira perifere roller får så mykje plass, var for meg ikkje heilt lett å forstå.

Alt i alt: Det kunne ha blitt ei god historie, men både språklig og komposisjons-
messig er der litt for mange minus. Mange, svært mange, kapittel startar med:
Nå har Sigrid akkurat gått inn i heisen,..
Nå er det morgen, ...
Nå fikser Rósa håret sitt foran speilet osv...
Og: eit moment som medverka til å ta karakteren ned, mykje: Det lever ikkje pingvinar på Island!

Derfor: Kar: 3 minus

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Readninggirl30Hilde H HelsethHelena EVannflaskeJarmo LarsenSolveigKjetil EspesethKirsten LundHelge-Mikal HartvedtCarine OlsrødBeate KristinEirin EftevandNadira SunsetStinkerbellFrode Øglænd  MalminTone SundlandEmil ChristiansenTone SandvikCathrine BoreKarin  JensenReidun SvensliLars MæhlumKarin BergPiippokattaPerSpelemannTore OlsenIngunn SCathrine ØTine SundalHarald KHanne Kvernmo RyeHilde Merete GjessingNinaFindusLailaHildalpakkaDolly DuckRufsetufsaGrete Aastorp