Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Kjærleik og krig

Alt frå første setning går vi rett inn i ei handling som engsjerer og motiverer og grip tak i ein:

«Dr. Iannis hadde hatt en vellykket dag da ingen av pasientene hans
hadde dødd eller blitt dårligere. Han hadde overvåket en forbausende
lett kalving, stukket hull på en byll, trukket en jeksel, forsynt en
av gatens løse fugler med Salvarsan, foretatt en ubehagelig, men
oppsiktsvekkende fruktbar klystérbehandling, og utført et mirakel ved
hjelp av inspirert medisinsk taskenspilleri.»

I åra før 2. verdskrigen lever dei eit enkelt, men trygt liv på den greske øya Kefallinia.. Den sjølvlærte landsbylegen Iannis lækjer små og store plager hos folk, medan Pelagia, datra hans, opplever den første store kjærleiken. Ho trulovar seg med fiskaren Mandras, og det meste ser ut til å vere så idyllisk som det kan bli – hadde det ikkje vore for krigen som råkar også dei.
Italienske soldatar inntek øya, og det same gjer ein stor del tyske soldatar. Livet og levevilkåra endrar seg radikalt.

Mellom dei italienske soldatane kjem også Kaptein Antonio Corelli, og tilfeldigheitene gjer at han får husrom hos Iannis og Pelagia. Corelli er meir oppteken av mandolinen sin og musikken enn krigen, og etterkvart vert han mest av alt oppteken av Pelagia.

Boka gjer inntrykk på meir enn ein måte. Kjærleiken blir skildra med innleving – på same tid som blodige krigsscener nesten tek pusten frå ein. De Bernières skildrar kvardagen og folket, og gjennom deira auge opplever vi krigen som får så store konsekvensar – for alle. Genialt!
Han formidlar korrekte historiske fakta samtidig som han skildrar lagnader og kjensler. Språkleg er dette mellom det fremste, med skildringar som framkallar både tårer og latter.

Personleg opplevde eg dei første to/tredjedelene som det aller beste. Der kunne eg ha gitt terningkast seks, utan tvil.
Siste delen verka noko meir hastverksprega på meg, så enda derfor opp med å gi kar. fem.
Uansett – eg er lei meg for at denne boka av ein eller annan grunn har stått så mange år og berre samla støv i bokhylla. Det har den ikkje fortent!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Uten de små fortellingene er de store fortellingene ingenting verd. Forfatteren kombinerer disse to aspektene mesterlig!(1) I tillegg er de mange fortellingene så godt fortalt og sammenvevd at man med denne boken i hendene kan kjenne den steikende middelhavssolen og høre lydene fra kafeneiaen, selv på en vestlandsk høstdag. Man skulle nesten tro at forfatteren har byttet ut pennen (tastaturet) med en form for holophonor(2). Oversettelsen var også enestående, og bidro til å gjøre dette til en unik leseopplevelse.

(1)Bortskjemt som jeg var blitt gjennom boken, lot jeg i flere år de siste sidene stå ulest i protest mot det historiske fugleperspektivet som der ble tatt i bruk.
(2)Er du ukjent med Futurama: bruk Google!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

ChristinaTove Obrestad WøienBokToreKirsten LundGrete AastorpThomas KihlmanJørgen NAliceInsaneVibekemgeBerit RTom-Erik FallaHilde VrangsagenTine SundalBritt ElinVidar RingstrømAlice NordliElisabeth SveeMads Leonard HolvikGro Anita MyrvangSynnøve H HoelMarteAud- HelenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudPirelliMorten MüllerGodeminePiippokattaFredrikKjerstiDressmyshelfandrea skogtrø egganEli HagelundStine AskeTrude JensenTrygve JakobsenLinda NyrudJulie StensethEvaMonica Carlsen