Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Den surmaga versjonen: Fløgstad har fått stipend for å reise til Sør-amerika, og må pliktskyldigst koke saman noko klassekamp-oppgulp for å rettferdiggjere turen. For å bøte på den manglande inspirasjonen til å skrive ei anstendig reiseskildring køyrer han på med referanser til, og sitat frå, sekteriske verk som stort sett berre har akademisk interesse, samt spekulative koplingar mellom seksualitet og stort sett alt anna.

Den entusiastiske versjonen: Fløgstad reiser rundt i Sør-amerika, først og fremst til gruvesamfunn og for det meste i Chile, der han analyserer den lokale post-industrielle samfunnsutviklinga i lys av lokal historie. Samstundes trekker han dei store linjene både langs tidsaksen, frå conquistadorane til Pinochet, samt langs den geografiske aksen frå Lota ved den chilenske stillehavskysten til Bidjovagge i Finnmark. Undervegs auser han av sin rike kunnskap om latin-amerikansk kultur og samfunnsliv.

Eg vingla mellom desse to versjonane medan eg las boka. Fløgstad har ein skarp penn og gjer mange gode observasjonar undervegs i boka, men eg meiner også at enkelte tema i boka er over-analysert. Her må eg skunde meg å legge til at eg manglar nok ein del av den litterære og samfunnsøkonomiske ballasten som trengs for å få fullt utbytte av Fløgstad sine utgreiingar.

Det eg finn mest tiltalande med Fløgstad er at ein aldri veit heilt kvar ein har han, der er dobbelt-tydingar i mykje av det han skriv. I andre av bøkene hans, som "Det 7. klima" eller "Kron og mynt" er dette meir framtredende, men i Pampa Unión kjem han med ei slags programerklæring for dette aspektet av forfattarskapen sin:

Sannsynligvis er det viktigare for ein forfattar å forsvara sin
tvetydighet enn sin integritet.

Eg veit ikkje kor viktig det er, men det blir i allefall i enkelte høve interessante bøker ut av det.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

mgeMarit HåverstadRune U. FurbergMarianne MAkima MontgomeryChristofer GabrielsenTanteMamiePiippokattaAstrid Terese Bjorland SkjeggerudJBIrakkLilleviKjell PMarit HøvdeFriskusenAnne-Stine Ruud HusevågYvonne JohannesenBjørg RistvedtHarald KBjørg Marit TinholtRufsetufsaReidun Anette AugustinHanneTatiana WesserlingmarithcTine SundalEllen E. MartolJohn LarsenTorill RevheimBirkaKirsten LundSol SkipnesBjørg L.Ingunn SJulie StensethStig TFrode Øglænd  MalminTor-Arne JensenHilde H HelsethKarin  Jensen