Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Det har jo blitt så populært å poengtere slike ting dei siste dagane, så eg nemner innledningsvis at dette er del to av Naguib Mahfouz sin Kairo-trilogi.

Det har gått nokre år sidan handlinga i førre bok kulminerte med Den Egyptiske revolusjonen av 1919, og livet har kome nokonlunde i gjenge att for familien el-Gawwad. Dei tre eldste borna til Ahmed har forsynt familien med eit knippe barnebarn, som skaper liv og røre i huset. Men det er kanskje i størst grad yngstesonen Kamal som er hovudperson i denne boka. Han er håplaust forelska i søstera til ein studiekamerat frå ei rikmannsfamilie. Og apropos røre, det greier sanneleg far Ahmed og eldsteson Jasin å sørge for når dei utan å vite det kurtiserer same dama. Her var det tidvis stor humor, i det minste for lesaren.

Den politiske utviklinga i Egypt på 1920-talet er eit viktig bakteppe for boka. For den som ikkje er uvanleg godt opplyst om temaet frå før så vil her nok vere ein del namn å forhalde seg til som vil krevje wikipedia-oppslag eller liknande dersom ein skal henge med på denne delen av historia. Sjølv gjorde eg dette berre i liten grad, og kan såleis ha gått glipp av eit og anna poenget undervegs. Men i såfall så gjorde det ikkje så mykje, for her er nok å glede seg over i denne boka. Mahfouz har skapt eit knippe levande romanfigurar, kvar med sine tydelege karaktertrekk, og lesaren kjem ganske nært innpå mange av dei. Som i den første boka tykte eg at forteljarstilen innimellom kunne bli ein tanke langdryg, men alt i alt var det ei givandes bok å lese.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Janne Kristin HøylandAnne-Stine Ruud HusevågPiippokattaMargrethe  HaugenVannflaskeTonesen81Heidi HoltanTurid KjendlieLena Risvik PaulsenMarit HåverstadBjørg  FrøysaaFrode Tangenmgeingar hCarine OlsrødGrete AastorpAnneOda Marie HIngvild RosslundHarald KRufsetufsaOdd HebækHilde Merete GjessingReidun SvensliDolly DuckTone SundlandPrunellaEllen E. MartolTheaKaramasov11Aud Merete RambølGroGodemineChristofer GabrielsenBente NogvaBeathe SolbergTor Arne DahlalpakkaJan-Olav SelforsJoann