Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Avsluttande bok i Kairo-trilogien, og dette var nok den boka eg likte best av dei tre. Tidsmessig startar den nokre år før andre verdskrigen, og nærmar seg etter kvart forfattaren sin samtid. Det er barnebarna til patriarken Ahmed Abd el-Gawwad som ber det meste av handlinga, i tillegg til yngstesonen Kamal. Sjølvsagt tek ein del i dei ulike tildragelsane i familia. Ei og anna damehistorie er der, men sanneleg er der ikkje også ein som gir seg inn i eit homofilt forhold. Er det sneversynt av meg å lure på om dette skapte oppstandelse i Egypt på 1950-talet? Eller er forholdet såpass innsvøpt i eufemistiske omskrivingar at folk flest ikkje festa seg ved det?

Åkke som, det beste grepet i boka er likevel at Mahfouz let to av den yngre generasjonen representere krefter som prøver å forme utviklinga til Egypt vidare inn i framtida: Abd el Monem som finn meiningia i livet ved å vende seg til fundamentalistisk Islam, og Ahmed som har meir tru på kommunismen. Langs ein annan akse, kanskje ein slags moralsk ein, har Mahfouz stilt opp to andre ytterpunkt, den intellektuelle og filosofiske Kamal og den opportunistiske og maktsøkjande Ridwan.

Som i dei førre bøkene i trilogien er det gode miljøskildringar og personkarakteristikkar, samt rikelege moglegheiter til å lære meir om nyare Egyptisk historie (sjølv om ein nok også i tillegg må stø seg til wikipedia eller andre oppslagsverk). Men denne boka dveler i mindre grad ved daglegdagse scener, noko som passa meg bra. God trilogi, eg er glad for at eg las den.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Morten MüllerReidun SvensliMarenJarmo LarsenTheaGrete AastorpLinda RastenAnniken RøilritaolineHarald KAnne-Stine Ruud HusevågEirin EftevandKirsten LundEgil StangelandTatiana WesserlingTherese LierIngunn SLisbeth Kingsrud KvistenGroCathrine PedersenBenedikteRufsetufsaIngeborg GNinaStig TVannflaskeTonjeIvar SandLiv-Torill AustgulenAlice NordliTonesen81EvagretemorHelge-Mikal HartvedtDemeterKarin BergRisRosOgKlagingJan-Olav SelforsHeidi LChristina