Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Eg syntes dette er novellkunst av beste merke.
Samlinga er utvald av Kjell Askildsen og utgitt i 1992. Eg vart veldig fengsla av dei korte og treffande menneske- og miljøskildringane frå husmannslivet på Hedmark. Men dei er ikkje berre småkoselege. Sjølv om det er mykje humor og ironi å finne her, så er det ofte alvorlege og triste tema som vert tekne opp. Dei fleste novellene er frå samlinga "Dørstokken heme" frå 1945. Nils Johan Rud skal ha sagt at "Det er farligere å lese Prøysen enn å synge ham". Det forstod eg betre etter å ha lese denne samlinga. Eg ser også at "Tidsskrift for Den norske legeforening" i 2005 hadde ein artikkel om nokre av desse novellene der det handlar om kvinner som blir psykisk sjuke.

Det er litt uvant å lese dialekt i starten, men så høyrer eg jo liksom Prøysen si stemme medan eg les! Me som er oppvaksne med barnetimen på radio er heldig slik. Her er også ei fin juleforteljing som heiter "Matja Madonna".

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Ann ChristinHarald KAnette SFlettietteMonica CarlsenMads Leonard HolvikKirsten LundEgil StangelandPiippokattaMarenMarianne AugustaDemeterritaolineIngvild SRufsetufsaJanne Kristin HøylandReidun Anette AugustinLinnMarianne  SkageVannflaskeStig TPilarisKjerstiAkima MontgomerygretemorKarin BergCathrine PedersenNeraLiljaTanteMamieBjørg Marit TinholtIngeborg GJulie StensethBeathe SolbergMorten BolstadNikkaChristofferKjell F TislevollAnniken RøilHilde H Helsethandreas h. o.