Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Denne boka er noko nær innpå ein kriminalroman. Men ikkje heilt. Mest av alt er det Fløgstad, med underfundigheiter, skråblikk på eit og hint, spark til høgre og den vante dosa med blødmer. Og for den som liker Fløgstad er dette midt i blinken.

Då boka kom ut var eg student ved ein utdanningsinstitusjon som blir gjort aldri så lite narr av av Fløgstad. Det blei, om ikkje rabalder, så i allefall merkbar indigjasjon i miljøet. Når eg les den aktuelle passasjen no så må eg seie at det kan framstå som noko hårsårt å reagere på dette. For min eigen del blei det i alle fall rikeleg med øl og hornmusikk i løpet av studietida. To av tre er ikkje så verst. Ja ja, nok om det.

Krimroman-aspektet er alt nemnt. Her er drap og andre lovbrot, det manglar ikkje på det. Likevel så er ikkje dette det sentrale ved forteljinga. Det er heller slik at forteljinga tener som eit bereverk for ei satirisk framstilling av samfunnet, og med fokus på fråveret av moral i dei høgare sjikta, og gjerne dei i dei austlege stroka av landet. Ein artig detalj er at Fløgstad let eit knippe av romanpersonane gjere om lag same fjellvandringa som Hertingen i si tid gjorde i Fyr og flamme, men motsett veg. Eg har spekulert litt på om det ligg ei eiga meining i dette, men som med mykje av det andre Fløgstad skriv så er det ikkje alltid så lett å bli klok på. Men klok eller ikkje, eg kosa meg storleg med boka.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

AvaMarianne AugustaInger-LiseHelena EAstrid Terese Bjorland SkjeggerudEli HagelundBeate KristinAlice NordliHanne Kvernmo RyeVidar RingstrømHarald KJBTone HKirsten LundNina M. Haugan FinnsonRisRosOgKlagingRuneFrode TangenJohn LarsenTorill RevheimTor Arne DahlPirelliTurid KjendlieIngeborg GHeidi LTorJulie StensethLiljaTanteMamieReadninggirl30Tor-Arne JensenEgil StangelandHilde VrangsagenMarteIngunn SgretemorSol SkipnesTheaBenedicteBeathe Solberg