Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Denne boka blei skrive i høve 350-årsjubileet for malmfunnet i Meldal som gav grunnlag for gruvedrift i fleire hundre år, og som også var kimen til ex-industrikonsernet, no merkevaregrossisten, Orkla. Brekke vel, på ein stort sett særs vellukka måte, å fortelje historia om gruvedrifta gjennom ein oppdikta slektssaga. Soga til denne slekta blir fletta inn i verkelege historiske hendingar og personar. Ein fyl ikkje alle slektsledda, men dveler heller ved perioder som var viktige for historia til gruvedrifta.

Det at eg har bittelitt overfladisk kjennskap til gruvedrift frå studietida gjorde det ekstra moro å lese denne boka, men det er slett ikkje naudsynt med slik bakgrunn for å ha full glede av å lese den. Brekke virkar å ha gjort eit grundig arbeid i å grave fram kunnskap om gamle arbeidsteknikkar, og det var lett å leve seg inn i miljøa som blei skildra.

Forfattaren nemner i forordet at tida var knapp for å skrive boka, men det er ikkje før på slutten av den at det merkast. For den svakaste delen av boka er nok den frå det siste århundret. Her blir det litt for skjematisk og springande. I tillegg kan det opplevast som problematisk at Jens P. Heyerdahl, som tok iniativ til å bestille skrivinga av boka, også kjem inn i historia. Han var etter det eg forstår ein særs godt likt konsernsjef, men skulle det vere mindre flatterende sider ved han så er det fort gjort å tenke at det ville vere vanskeleg for Brekke å trekke dei fram i lyset.

Men uansett, det var ei underhaldande og lærerik bok. Eg kan godt lese fleire bøker av Brekke.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Elin FjellheimRune U. FurbergTralteToveHarald KJorund KorbiKirsten LundMartineDemeterIngunn SNorahTove Obrestad WøienOddvarGLilleviMarteKristine LouiseRufsetufsaAnette Christin MjøsFindusPrunellasiljehusmorBerit RAkima MontgomeryConnieIreneleserLene MMarianneNCecilieJarmo LarsenAmanda AJBHilde MjelvaHeidi LEster SPiippokattaDolly DuckTrude JensenStine SevilhaugHanne Kvernmo RyeNina