Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Border collie har blitt den mest populære hunderasen i Norge. Den har også blitt den rasen som toppar statistikken over hundar som må omplasserast eller i verste fall avlivast, i alle fall dersom ein skal tru på medieoppslag dei siste åra. Mykje av problema med desse hundane er knytta til manglande aktivisering, spesielt mentalt. Så, som nybakt Border collie-eigar, kva skal ein då gjere for å aktivisere hunden på ein måte som gjer at han får eit bra liv? For meg blei svaret etter kvart ganske opplagt; trene han opp til det han er avla fram for å gjere, trene han opp til å bli gjetarhund.

Derek Scrimgeour har skapt seg eit namn innanfor gjetarhundverda, først som suksessrik hundeførar i gjetarhundkonkurransar, og sidan som oppdrettar av førsteklasses hundar (mange av hundane hans har havna i Norge) og som populær gjetarhundkurs-instruktør. I denne boka fortel han litt om si eiga historie, og om hundane sine. Dette var triveleg og interessant lesing. Men det mest interessante er at i mesteparten av boka gjer han greie for metodene han nyttar når han trenar opp hundane sine. Alt frå kva som er viktig å tenke på når ein introduserer hunden for sau, til triks og knep for å perfeksjonere dei mest krevjande elementa under gjetarhundprøver.

Boka er godt illustrert med mange bilete og teikningar. Mange av teikningane er sekvensar som viser korleis sau, hund og førar skal flytte seg når ein trener på ulike ting. Eg trur alle som har prøvd seg på slik trening kan skrive under på at sauer og hund berre unntaksvis flyttar seg etter teikningane. Likevel er illustrasjonane til svært god hjelp som ei forklaring til prinsippa ein prøver å jobbe etter.

Scrimgeour har som utgangspunkt at lesaren er sauebonde, eller i det minste har moglegheiter for å trene med sau dagleg. Mange Border collie-eigarar har ikkje denne moglegheita. I den grad eg kunne ha ynskt noko meir av denne boka, måtte det vere eit kapittel med tips til kva ein eventuelt kan gjere utan sau for at hunden raskare kan gjere framsteg dei dagane ein trenar med sau.

Det er viktig å presisere at hunden ikkje blir gjetarhund ved at føraren les denne boka. Trening er det einaste som tel. Mykje trening. Eg har heller ikkje møtt nokon gjeterhundinstruktørar som er samde i alle Scrimgeour sine tankar om gjeterhundtrening. Men mykje av dette dreier seg om nyansar. Skal ein nytte ein kommando berre ein gang, eller kan den takast opp att? Tyder «ligg» berre at hunden skal legge seg ned, eller kan det også tyde at han skal stoppe og stå stille? Slike ting.

Eg vil ikkje nøle med å anbefale boka til den som måtte tenke på å trene opp hunden sin til gjetarhund, eller til den som alt er i gang med dette. Eller rett og slett til kven som helst som måtte ha interesse for temaet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Astrid Terese Bjorland SkjeggerudAnne-Stine Ruud HusevågEgil StangelandHarald KRune U. FurbergPrunellaToveGodemineG LTone Maria JonassenAvaVibekeKirsten LundMorten MüllerPer LundBookiacSynnøve H HoelSolDolly DuckPiippokattaAkima MontgomeryMonica CarlsenLilleviHarald AndersenCecilie69Sigrid NygaardRonnySigmundJoannLinnMonica  SkybakmoenMorten JensenEivind  VaksvikLailaHelen SkogTrude JensenSolveigReidun SvensliIngunn SReadninggirl30