Ragnar Thorseth var kanskje den mest profilerte norske eventyraren på 1980-talet, han gjennomførte fleire spektakulære ekspedisjonar, og jordomseilinga til vikingskipkopien Saga Siglar er kanskje høgdepunktet. I denne boka gjer han utførleg greie for planlegginga av ekspedisjonen, rekonstruksjonen av ein gamal knarr, prøving og feiling under testing av skipet, samt skildring av sjølve seilasen.
Men Thorseth fortel også ei anna historie, han har gjort eit brukbart historiedykk for å gjere greie for den norrøne utvandringa frå Island til Grønland, og vidare til Nord-Amerika. Det er to grunnar til at han nyttar ein del plass til dette, den eine er at knarren hadde ei viktig rolle som lasteskip i denne utvandringa, og den andre er at han tima ankomsten til New-York med 150-årsjubileet for Cleng Peerson co & sin Amerika-utvandring i 1825, og derved skapte ekstra blest om viking-koloniseringa av Nord-Amerika for 1000 år sidan.
Nettopp denne typen ting verkar det som Thorseth er spesielt flink til. Han blir omtala som eventyrar, men han er kanskje i første rekke ein selgar og PR-mann. Ekspedisjonar som dette er ikkje gratis, og boka gjev eit lite (og eg mistenker at det er langt frå fullstendeg) inntrykk av jobben han gjorde for å selge inn prosjektet til sponsorar av ulikt slag. Verdsomseilinga var heller ikkje fullfinansiert før dei starta, så noko av denne jobben måtte også gjerast undervegs.
Boka er passe lang, den er rikt illustrert med bilete, og kronologien i forteljinga er passeleg stykka opp med historiske opplysningar og liknande. Enkelte maritime uttrykk for ting og hjelpemiddel om bord i seglbåtar kunne kanskje vært forklart for den uvitande lesaren. Men det var ikkje mer hemmande enn at lesinga gjekk flytande sjølv for ein landkrabbe som meg. Alt i alt var det særs triveleg romjulslesing.