Viser 1 til 4 av 4 omtaler

Hadde gleda meg til denne etter mykje non-fiction lesning. Og eg likar dystopi-sjangeren. Men denne var kjedeleg rett og slett. Den fenga ikkje og gav ikkje nok spenning. Boka hadde lange parti med belærande monologer som kunne vera litt...gjesp. På slutten av boka syns eg det kom seg når Montag/hovudpersonen kom seg bort frå det gjennomregulerte bysamfunnet. Kan samanliknast litt med å komma til himmelen? Den opne slutten gjer at eg vil tolka det som om desse menneska Montag kjem til ønskjer å gjenoppbygga sivilisasjonen med kultur(som motsetnad til underhaldning) sidan dei vender attende til den utbomba byen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

En mørk og tankevekkende roman. Ray Bradburys magnum opus, en dystopisk klassiker og en av de beste bøkene jeg har lest.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

I en dyster, kaldt fortelling klarer Ray Bradbury å vekke sympatien hos leseren for karakterene sine i boka. Det foregår i en verden hvor bøker brennes fordi det å ikke kjenne til ulykkelighet er den eneste vei til lykke. Montag er hovedkarakteren og har sine egne tanker om dette og mye annet, men han kan ikke snakke om dette men noen. Kona er heller ikke en troverdig samtalepartner, hun er sikkert programmert av myndighetene. Clarisse kommer tvert imot inn i Montags liv som et dypt pust. Og selv om Captain Beatty prøver å vise seg som en forståelsesfull sjef er han i bunnen fryktelig farlig. Kan nye vennskaper redde Montag?

Synes også boka handler om å ha individuelle tanker selv om verden rundt prøver å bevise det motsatte. Modighet og håp er et rødt tråd i lesingen. Lignende bøker med apokalyptiske omstendigheter og diffuse scenarioer er 1984 av G.Orwell og The Road av C. McCarthy.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har nett lese ferdig romanen "Fahrenheit 451" av Ray Bradbury.

"Fahrenheit 451" handlar om bøker. I eit framtidssamfunn der husbrannar er ein saga blott, ettersom alle hus vert bygd brannsikre, får brannmennene ei ny oppgåve: å brenna alle bøker dei kjem over. Papir brenn ved 451 grader Fahrenheit. Ikkje at det gjer så mykje. Folk flest har for lengst slutta å lesa bøker uansett. Dei er lukkelege i dei hypermoderne heimane sine, med sine interaktive heildekkjande vegg-tv'ar som køyrer morosame show med hermetisk latter, med sine raske bilar og stadig skiftande samlivspartnerar. Kva skal dei med bøker? Dermed set dei anonyme, andletslause styresmaktene i gang med ei storstilt utreinsking av alle bøker dei klarar å oppspora.

Brannmannen Montag er ein av dei ivrigaste. Men ein dag stikk han unna ei bok, tek den med heim og set seg til å lesa. Og så endå ei, og ei til...

"Fahrenheit 451" kom ut i 1953 - men kunne gjerne kome ut i dag. Bradbury sa sjølv at boka vart inspirert av Arthur Koestlers bok om Moskva-prosessane ("Mørke midt på dagen") - men som tida har utvikla seg har boka også fått ei uhyggeleg aktualitet for vårt vestlege samfunn i dag, der så mykje blir trivialisert og relativisert og har problem med å forhalda seg til lengre og kompliserte tekstar.

Ray Bradbury er kjent for dei fleste som ei av dei aller fremste sci-fi forfattarane på 1950-talet, og fleire av bøkene hans må vel reknast som klassikarar innan genren, med "Fahrenheit 451" som eit absolutt høgdepunkt. Ettersom han skreiv for ein kommersiell marknad utvikla han ein skrivestil som mang ein forfattar av triviallitteratur kan misunna han. I "Fahrenheit 451" blir du garantert fanga inn frå første avsnitt, og du blir halde fast til siste line.

Eit stort poeng i boka er at det ikkje er styresmaktene som har forbode folk å lesa bøker, men at folk flest ikkje gidder å lesa meir eller bry hovuda med intellektuelle syslar av noko slag. Kvifor skal dei det, når dei kan leva lukkeleg med sine tv-show og overflatiske omgangsformer? Blir nokon lukkeleg av å lesa ei bok?

Les "Fahrenheit 451" og finn det ut. Boka kunne vore skrive i dag!

Godt sagt! (15) Varsle Svar

Sist sett

Vigdis VoldIreneleserBeathe SolbergKirsten LundMarianneJulie StensethMonica CarlsenHeidi LKristine LouiseLailaMonaBLBjørg L.KristineTine SundalGunillaReadninggirl30Emil ChristiansenGrete AastorpSverre HoemPiippokattaKari ElisabethEivind  VaksvikAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAnne-Stine Ruud HusevågEgil StangelandHarald KRune U. FurbergPrunellaToveGodemineG LTone Maria JonassenAvaVibekeMorten MüllerPer LundBookiacSynnøve H HoelSolDolly Duck