Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Ei teatergruppe reiser til eit gamalt skotsk gods for å øva inn eit heilt nytt stykke. I etterkant av fyrste gjennomlesing vert forfattaraen av stykket, Joy Sinclair, drepen, på sitt eige låste rom. Inspektør Lynley og Barbara Havers vert kalla til staden, og alle er mistenkte - inkludert Lady Helen, som Lynley plutseleg oppdagar han har meir enn venskaplege kjensler for.

Klassisk britisk krim, enno ein gong (frå ein amerikanar). Klassisk i det at det er stengte rom, eit avgrensa persongalleri og personlege forhold som ligg til grunn for alt som skjer. Det som gjer romanen interessant som meir enn ein krim ein har lese før, er forholdet mellom Lynley og Havers - som har endra seg mykje frå fyrste bok - og at den gode inspektøren so til dei grader går opp i limingi. Det hadde ein vel ikkje venta av ein britisk overkonstabel og lord.

Susan Elizabeth George (f. 1949) er frå Ohio, USA. Ho var lærar fram til ho debuterte med Mørkets gjerninger i 1988. Dødens ansikt (1989) er andre bok om Lynley og Havers, og sidan då har ho gitt ut 17 nye bøker om Lynley, i tillegg til ei handfull andre.

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Linda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GHanne Kvernmo RyeHarald KPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAneSynnøve H HoelMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteTheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandiKirsten LundTrude JensenGitte FurusethTone Sundland