Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Frekt og morosamt om regjeringa Gerhardsen

I byrjinga haglar det tett med passe ironiske og konsise karakteristikkar av Hauglands kollegaer i regjeringa Gerhardsen 1955-65. Serleg lengstsittande utanriksminister Lange vert skyteskive for Hauglands kvasse pilar. Blant dei som får lovord er Gerhardsen sjølv og noko overraskande, kong Olav. Dei første fem åra verker det som dagboksnotata vart til for å gje forfattaren utløysing etter strevsame dagar på jobben. Mot slutten, og det nærmer seg dei dramatiske kriseåra 1963-65, vert dei daglege innføringane fyldigare og meir opplysande.

Så lenge etter hendingane er sjølvsagt det meste gløymt eller ukjent for moderne lesarar. Haugland hjelp riktignok til med nyttige innleiingsord, etterord og kommentarer. Inntrykket eg sit att med, er likevel at han - i likskap med fleire andre statsråder - er mest opptatt av «personalpolitikk.» Er nokre statsråder på veg ut? Kven vil kome i staden? Kven vil få dei høgste embeta som fylkesmann, dommar i Høgsteretten, sivilombodsmann? Og ikkje minst korleis er det med helsa til dei einskilde statsrådene? Lukkelegvis er det berre ein statsråd som døyr på post i dei åra Haugland vart først justisminister dinest kommunalminister.

Påfallande er fråværet av kvinner i regjeringa. Dei to som er innom, Rakel Seweriin og Åse Bjerkholt, får båe syrleg omtale. Eit anna trekk er fråværet av statsekretærar og politiske rådgjevarar som no til dags slår ring om ministrane.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Reidun SvensliAmanda AAgnete M. HafskjoldHanneEster SKirsten LundReidun GranberggretemorAud Merete RambølAnne-Stine Ruud HusevågHarald KLailaRonnyAnniken RøilPiippokattaTheaAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNicolai Alexander StyveVariosaIngunn SVigdis VoldEli HagelundedgeofawordsiljehusmorTone SundlandFarfalleLinnDemeterGodemineMorten MüllerMarit HåverstadTone Maria JonassenPirelliSynnøve H HoelKorianderNinaChristofer GabrielsenNorahCarine OlsrødNtothea