Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Torill Thorstad Hauger har skrive ei lang rekkje bøker for born. Men dei fleste av desse er skrivne for mellom 20 og 30 år sidan. Kan desse vere relevante for ungar å lese i dag?

I Ravnejenta møter vi Ravna som, utan å heilt skjøne kvifor er blitt utstøtt av samfunnet. Litt etter litt får vi innsikt i historia hennar, og saman med ho får vi og vete kvifor ho er blitt den ho er blitt.

Historia er lagt til vikingetida, utan at dette vert presisert nærare. Og det trengs ikkje heller. Lesaren får ta del i eit vikingesamfunn og vi blir forklart gjennom handlingar og tankar kva som er normalt og ikkje på denne tida.

Dagens ungar kan nok bli sjokkerte over hardheita i samfunnet, samstundes som forfattaren skpnar dei mot dei verste brutalitetane.

Og det er nettopp dette at historia er lagt til vikingetida som gjer at boka framleis er relevant for ungar, sjølv so mange år etter at den vart skriven.

Gjenngjenninga for lesaren ligg i handlingane og tankane til hovudpersonen og dei ho interagerar med - om enn kor historisk kontrafaktiske ein vaksen lesar kan finne dei.

Boka var godt skrive då den kom ut, og det er den framleis. Torill Thorstad Hauger skrive lett og levande, men samstundes krev ho noko av lesaren. Det er framdrifta i historia som gjer at det heile vert sydd saman, og spaningsnivået er høgt, trass i ein roleg fortellarstil.

Boka er difor absolutt lesbar for historieintereserte ungar i dag, utan at boka i seg sjølv vert ei historiereise.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dette er en bok som har en samenheng med Sigurd Dragedreper. Boka handler om en jente som vokser opp som en trell.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Harald KHeidi HoltanChristofer GabrielsenKirsten LundSilje-Vera Wiik ValeNora FjellimgeSigrid NygaardHanneEllen E. MartolHanne Kvernmo RyeDemeterBjørn SturødSynnøve H HoelPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryrubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsvein