Viser 1 til 1 av 1 omtaler

I det siste bindet av Sverre-trilogien har Sverre vunne over Erling Skakke, men det er på ingen måte slutt på maktkampen i landet. Ikkje minst erkebispen Øystein Erlendson av Nidaros var sentral i motstanden mot Sverre. Ein annan geistlig motstandar var Nikolas Arneson frå Nordfjord, som blei biskop i Stavanger og i Oslo. I denne boka har han ei slags skurkerolle. Den same Nikolas er også sentral i nokre av Ragnhild Magerøy sine bøker frå denne tida, før eller seinare må eg nok lese desse for å sjå om han får betre omtale der.

Holt har gjort ein god jobb med å framstille denne epoka frå norsk historie. Det er ganske knallhard realisme, det virkar som om forfattaren har lagt vinn på å få fram det omsynlause og kyniske i maktkampen som gjekk føre seg. Sverre blir også framstilt som ein mangefasettert person, som mellom dei blodige konfrontasjonane også evner å reflektere over korvidt handlingane hans er rette eller ikkje, ikkje minst sett frå ein kristen ståstad. Det siste skulle for øvrig berre mangle for ein person som er ordinert som prest.

Det er mange minneverdige personskildringar i trilogien, mange med rot i røyndomen, andre som heilt sikkert er oppdikta. I den siste kategorien kjem nok Gaute, denne merkelege mannen som dukkar opp med jevne mellomrom i heile historia. Han mister ei arm tidleg i bind 1 når han prøver å hindre ei valdtekt, og deretter reiser han rundt for å hjelpe til med å bygge kyrkjer og ellers tilgi alle som har gjort han vondt. Eg har spekulert mykje på kva Holt prøver å seie med denne romanfiguren. Ei personifisering av samvitet? Eller er det frelsaren? Eg får ikkje nokon av delane til å gå opp. Skulle nokon ha ein fasit ville det vere moro å vite svaret.

Alt i alt ein god og leseverdig trilogi, og spesielt for den som har litt interesse for eldre norsk historie.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Christoffer SmedaasHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenHilde VrangsagenLinda RastennefertitiEllen E. MartolRoger MartinsenTor-Arne JensenMargrethe  HaugenHarald KTove AlmaMcHempettStian AxdalEgil StangelandVivian M.PrunellaReadninggirl30LailaÅsmund ÅdnøyBerit RVibekeTheaIngunn SLars MæhlumEli Hagelundmay britt FagertveitbandiniBjørn SturødMarit HåverstadAgnete M. HafskjoldMarianne MTurid KjendlieDemeterIngeborg GCarine OlsrødAnneBeathe SolbergKari MeretePi_Meson