Tekst som har fått en stjerne av Tone Sundland:

Viser 1 til 1 av 1:

Oppvekstforteljingar blir ikkje mykje betre enn dette. Jean Louise Finch, med tilnamnet Småen, fortel om eit par år av oppveksten i ein småby i Alabama under depresjonen på 1930-talet. Sidan mora døde då Småen var 2 år gamal er ho svært nært knytta til faren sin, Atticus. Atticus er advokat i småbyen, og sidan Småen er interessert i kva faren driv med blir ho forholdsvis veslevaksen. I tillegg er ho, sidan ho har vakse opp med å slåss med den fire år eldre broren Jem, litt av ei slåsskjempe.

Innledningsvis er det truskuldige barndomsminne som pregar forteljinga, om korleis ho og broren blir venner med Dill, nabofrua sin nevø som er på vitjing i sommarferiane, om korleis dei spionerer på den mystiske og skumle naboen Boo, om det å starte på skulen, og liknande tema. Men via dei andre ungane blir Småen og Jem gjort merksame på at faren har tatt på seg å vere forsvarar for ein svart mann som er skulda for å ha voldtatt ei kvit jente. Dette er ikkje populært i byen, og gjennom dei vidare hendingane i byen oppdagar barna at folk ikkje alltid er slik det ser ut som, besteborgarar kan ha ganske grumsete haldningar, og meir uglesette personar i byen viser seg å vere heidersmenneske.

Atticus er ei klippe midt oppe i dette. Han gjer sitt beste for å forsvare den tiltalte, og sjølv om barna hans blir utsatt for sjikane av byfolk fordømmer han ikkje motstandarane sine. Atticus sin motivasjon for å strekke seg så langt for å gjere det han meiner er rett er paradoksalt nok omsynet til barna. I staden for å seie frå seg denne betente saka eller å gi etter for press frå opinionen, og derved skjerme barna, vil han at denne saka, sjølv om den er ei belastning for familien, skal lære barna noko om kva som er rett og galt.

Før forteljinga er over har Finch-barna lært meir om rett og galt enn mange vaksne menneske nokon gang gjer, og faren får til slutt også eit uløyseleg dilemma om kva som er rett å gjere. Alt i alt ei imponerende bok, ein fryd å lese, og den kjem til å sitje lenge i minnet.

Godt sagt! (15) Varsle Svar

Sist sett

Ingunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundHanne Kvernmo RyeSigrid NygaardHarald KNina SolåsPiippokattaElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinGBeathe SolbergMonica CarlsenEmil ChristiansenPer LundAvaAud Merete RambølThomas Heie H.Turid KjendlieStine AskeMads Leonard HolvikIngebjørgGroStig TChristoffer SmedaassiljehusmorCarine OlsrødBrit HonningsvågAlice NordliHanneTine SundalAnne-Stine Ruud HusevågEllen E. MartolStian AxdalBjørg RistvedtHeidiElin FjellheimEirin Eftevand