Elena Ferrante brukar eit jordnært språk med få klisjear og metaforar, men den som ikkje tek sats, vil heller aldri nå dei store høgdene. Ferrante kretsar rundt eit par poeng vel mykje etter min smak. Forholdet mellom Elena og Lila, som er motoren i boka, vert tappa for mykje energi ved at forteljaren terpar på dei same refleksjonane, og ikkje lét lesaren konkludere sjølv. Det same gjeld eit par sko som Lila skaper. Dei blir så symboltunge og overtydelege i historia at dei til slutt berre irriterer. (Heile omtalen ligg på Sølvbergets nettsider.)