Wollert Konow

statsminister og stril

bonden og idealisten frå Stend

av (forfatter).

Fagbokforlaget 2001 Innbundet

2 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Boka handlar om Wollert Konow. Han vart fødd i Fana i 1845, og var ordførar i Fana og stortingsrepresentant før han i 1910 vart statsminister for i samarbeidsregjering av Høgre og Frisinna Venstre. Boka skildrar privatpersonen og politikaren Konow. Har litteraturliste.

Omtale fra forlaget

Dette er historia om møllaren og godseigaren frå Stend som vart statsminister i 1910, etter sterkt påtrykk frå venen Chr. Michelsen. Men Wollert Konow var ingen ungdom lenger då han vart skuva fram for å leia ei samarbeidsregjering av Høgre og Frisinna Venstre. Det knirka frå fyrste stund i samarbeidet, og den fargerike fanamannen vart tvinga til å gå frå borde på ein rein bagatell: han greidde ikkje å løyna at han var så inderleg glad i landsmålet! I yngre år var Konow ein kraftfull, omstridd og modig stortingsrepresentant som stod diktarhovdingane Bjørnstjerne Bjørnson, Arne Garborg og Alexander Kielland svært nær. Sjølv var han ein lyrisk og fengslande folketalar, denne dottersonen til sjølvaste Adam Oehlenschläger. I det heimlege miljøet sitt sette Wollert Konow djupe spor etter seg, og dei er godt synlege den dag i dag. Meir enn nokon andre har han æra for at Fana Sparebank vart skipa, og fleire store veg- og jernbaneanlegg kom i gang etter hans initiativ. Som 23-åring starta han dessutan den fyrste folkehøgskulen på Vestlandet. Han var ein raus og gåvmild person som gav mange ei handsrekking. Bilethoggaren Gustav Vigeland bad i si naud om å få gratis koks gjennom vinteren til å varma opp det store atelieret sitt, og Alexander Kielland var sjeleglad for at Konow ville ta imot den late sonen og gjera han til dreng på gardsbruket på Stend. Olav Garvik (f. 1944) er cand.mag. og har sidan 1969 arbeidd som politisk journalist i Bergens Tidende. Han har skrive fleire bøker om både idrett og politikk, m.a. om då Venstre vart kløyvd i 1972, og ein biografi om den slagferdige høgrepolitikaren Henrik Ameln.

Bokdetaljer

Forlag Fagbokforlaget

Utgivelsesår 2001

Format Innbundet

ISBN13 9788276747669

EAN 9788276747669

Omtalt sted Norge

Omtalt person Wollert Konow

Språk Nynorsk

Sider 280

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

2 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket