Omtale fra forlaget
På mange vis handlar denne boka om enkeltmennesket sin balansegang gjennom dei vanskelege krigsåra. Det er lett å trø feil, ein kan fort være på feil stad til feil tid. Dei personlege val som vert gjort, kan gje dramatiske konsekvensar i fleire retningar.
Dei militære i leiarposisjonar gjev ordrar som dei beviseleg veit kan gje dramatiske konsekvensar, ikkje berre for dei uniformerte dei har kommandorett ovanfor, men også direkte for det sivile samfunn. Unge idealistar utfører motstandsarbeid som i ytterste konsekvens har potensiale for fatale følgjer. Rundt 3600 nordmenn vart frontkjemparar for tyskarane. Mange har i seinare år stilt spørsmål korleis me og våre allierte balanserar makta når rollane skiftar og okkupant og «overløpar» skal evaluerast og sanksjonerast.
Dei fleste av kapittela i boka tek utgangspunkt i hendingar med tilknytning til Vossebygdene, med viktige tråder vidare i landet.
Boka er rikt illustrert med mange «insider»-bilete ifrå både tyske og norske kjelder.
Forlag Bodoni
Utgivelsesår 2021
Format Innbundet
ISBN13 9788284031330
EAN 9788284031330
Omtalt tid 1939-1945
Omtalt sted Voss
Språk Nynorsk
Sider 287
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket