Vinduet. Nr. 4 2020

av (redaktør).

Gyldendal 2020 Heftet

Ingen bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Utgåva inneheld ein temabolk om litteraturkritikk og kritikkens moglege blindsoner, med ei rekke tekstar som drøftar kritikarens møte med eit knippe av dei dilemmaa og kunstnariske uttrykka som samtida byr på: Carline Tromp ser på kritikarens posisjon i eit hyperpolarisert digitalt ordskifte, Carina E. Beddari drøftar kritikarens møte med sterke forteljingar frå verkelegheita, Pål C. Halvoren rettar eit sosiologisk blikk mot amerikanske og norske kritikarar, Bjørn Ivar Fyksen framfører eit forsvar for litterær sentimentalitet, Kåre Bulie ser på litteraturens ofte oversette materielle aspekt og Hilde Rød-Larsen inviterer fleire litteraturarbeidarar inn i den kritiske samtalen. Men dette er ikkje alt. Midt i den norske mørketida, inviterer Vinduet lesarane med til den amerikanske vestkysten, og guiden er ingen ringare enn Eve Babitz – forfattaren som gjorde Los Angeles til sin poetikk og sjølv brann sterkare enn kva som helst Hollywood-stjerne. Dei siste åra har ho vore gjennom ei omfattande revival etter ei lang tids gløymsel, og no vert ho endeleg presentert for norske lesarar gjennom Anna Kleivas essay og omsetting. Nummeret inneheld òg Preben Jordal si drøfting av Jon Fosses septologiprosjekt, der Jordal ser konturane av ein skisme i forfattarskapen. Ali Smith sin nyleg avslutta årstidskvartett vert lest av Eiler Fleischer, og Steve Sem-Sandberg vert intervjua av Hanna Nordenhök. Audun Vinger og Aksel Kielland står for kvart sitt byks ut av dei strengt litterære rammene: Vinger har lytta (og lest) seg gjennom dei britiske musikarane i Saint Etienne sine samlealbum med andre artistars musikk, og Kielland har lytta (og lidd) seg gjennom dei mest populære norske podkastane. I tillegg: Jan Grue syner fram eit utdrag frå ei komande bok, Ida Lødemel Tvedt introduserer René Girard og kunstnar Azar Alsharif syner utdrag frå sitt visuelle univers. www.vinduet.no

Bokdetaljer

Forlag Gyldendal

Utgivelsesår 2020

Format Heftet

ISBN13 9788205542495

EAN 9788205542495

Språk Bokmål

Sider 162

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

0 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket