Omtale fra forlaget
51 år etter at han sjølv debuterte som forfattar i dette tidsskriftet, er Torstein Bugge Høverstad tilbake på Vinduets sider – og det med den første større gjendiktinga av W.B. Yeats til norsk nokon gong, i følgje med eit essay om mannen og diktinga. Utgåva inneheld vidare ei drøfting av Camilla Collett og Emilie Diriks sitt til no lite omtalte tidsskrift Forloren Skildpadde, ført i pennen av Nina Schjønsby. Jan Grue skriv om Joan Didion sine politiske essay, Hanna Dahl intervjuer Trude Marstein og Rocky-omsettar Dag F. Gravem skriv om sine tjue år i den svenske teikneseriehundens teneste. For ikkje å gløyme Hilde Rød-Larsen sin tekst om Elizabeth Strout, Tora Lane sin tekst den russiske revolusjonen og eit utdrag frå Tiril Broch Aakre si komande bok. Og det stoppar ikkje der: Rachel Cusk, Jenny Offill, Maggie Nelson og Sarah Manguso har svart på spørsmål om å skrive om å få barn, Joakim Kjørsvik har skrive ein ekfrase, Sandra Vaka Olsen bidreg med ein biletserie og Vilde Sagstad Imeland med ei jubileumshelsing til Den lille prinsen. Og meldingar, så klart - av dei siste bøkene til Rachel Kushner, Richard Brautigan, Helle Helle og Amalie Kasin Lerstang. http://www.vinduet.no/vinduet-3-2018-i-butikk/
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2018
Format Heftet
ISBN13 9788205516250
EAN 9788205516250
Språk Bokmål Nynorsk
Sider 114
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket