Omtale fra forlaget
I denne utgåva av Vinduet kan du mellom anna lese ei nyskriven reiseskildring signert Nils Henrik Smith, og om Carline Tromp si reise i fotefara til den nederlandske forfattaren Arnon Grunberg i Midtausten og Polen. Også fleire av dei andre tekstane i dette nummeret har reisa som motiv, ikkje minst skriv Kåre Bulie og essayisten og reiseskildraren Tor Eystein Øverås, og Ole Robert Sunde skriv om sitt vintereksil på Svalbard. Av andre, meir kortreiste bidrag kan Ida Jackson sin brannfakkel av ein tekst om stoda til den norske ungdomslitteraturen nemnast. Når det vert utgitt så mange vaksenbøker som strengt tatt kunne vore ungdomsromanar, og når det finst så mange ungdomsromanar som hadde fleire lesarar og meir kritisk merksemd, er det på tide å bryte ned skiljet mellom «ung» og «vaksen» i bokhylla, slår Jackson fast. Dessutan skriv Hedda Lingaas Fossum om diktinga til den nyleg avdøde og høgt verdsette poeten Mary Oliver, Anemarie Neple om Tor Ulven sitt forhold til Vinduet på 1970-talet og Kim Klev om tekstforfattaren Kate Bush. Og ja: Jonas Gahr Støre spør norske forfattarar om det neste kapittelet i forteljinga om Noreg. Og meir til - sjå fullstendig innhaldsoversikt her!
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2019
Format Heftet
ISBN13 9788205526587
EAN 9788205526587
Språk Bokmål Nynorsk
Sider 138
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket