Omtale fra forlaget
Den første samla framstillinga av livet og kunsten til Mons Breidvik (1881-1950). Breidvik var frå Brekke i ytre Sogn, men slo seg i 1907 ned i Kvam i Hardanger. Mons Breidvik var elev av Harriet Backer og Erik Werenskiold og var ven med kjende vestlandskunstnarar som Olav Rusti, Bernt Tunold og Nikolai Astrup. Breidvik arbeidde alt vesentleg med teikning og grafikk, men også med kyrkjekunst. I samtida hausta han dei største lovord for framifrå skildringar av born og for glimrande portrett. Han er representert i sentrale galleri i Noreg og USA. Mons Breidvik var idealist. Iherdig arbeidde han for å få gode bilete inn i vanlege folks heimar. Han kjempa for norsk språk og betre bunadsskikk. Med styrke hevda han vestlandskunstens plass i norsk kunstliv og kjempa for eit kunstakademi i Bergen. Denne boka gjev innsyn i Mons Breidviks personlegdom og familieliv, og kampen hans for å overleva som kunstnar i bygde-Noreg. Boka er rikt illustrert med kring 100 av Mons Breidviks kunstverk og kring 40 foto.
Forlag Selja forlag
Utgivelsesår 2011
Format Innbundet
ISBN13 9788282400404
EAN 9788282400404
Omtalt tid 1900-1945 1800-tallet
Omtalt person Mons Breidvik
Språk Nynorsk
Sider 143
Utgave 2
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket3 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket